TV-kjendisen tar kampen for nynorsken på TV2.
mm

Tysdag var TV2 på Stord i samband med ei innspeling til Nabolaget. Framtida.no var med då Alex Rosén tok kampen for å få nynorsk meny på McDonalds.

– Viss folk frå Oslo køyrer forbi her, og ser at det står McKøyr, i staden for McDrive, så er det jo klart me stoppar, seier han.

– Nynorsk er litt… kva er det heiter når ein for eksempel kjem til Afrika og ser noko nytt?

– Eksotisk?

– Ja, eksotisk! Det er eksotisk for oss som er vande med riksmål, seier Rosén og held fram:

– Ingenting kan uttrykkast med meir kjærleik enn nynorsk.

Han fortel om ein gong han var med på ein konsert med Vamp og song eit vers av Månemannen på bokmål.

– Det gjekk berre ikkje an. Nynorske songar blir skrive så reint og estetisk vakkert.

«Slurpestaur»
Tidlegare leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, er med som omvisar for tvteamet.

– Eg har fått med meg at Stord reknar seg som hovudstad for nynorsken i Noreg. Og så er eg veldig glad i konfliktar, og håpar eg kan vera eit bindeledd som gjer at alle kan føla seg som vinnarar, seier Alex Rosén.

Då McDonalds etablerte seg på øya for to år sidan, var det eit sterkt ønskje om at dei skulle marknadsføra seg på nynorsk.

LES SAKA: Vil ha nynorsk McDonalds på Stord

McDonalds har annonsert på nynorsk, men har enno ikkje fått menyar på nynorsk.

Alex Rosén prøver å bestilla mat på nynorsk.

– Eg vil ha rista mjøk med slurpestaur, seier han til Samim Yousufi bak kassa.

– Vil du ha med jordbær, vanilje eller sjokolade?

– Kva heiter sjokolade på nynorsk?

– Det heiter sjokolade.

– Då vil eg ha sjokolade!

Og får til slutt ein sjokolademilkshake, slik han ønskte.

– Og så vil eg ha ein kyllingburgar. Kva heiter kylling på nynorsk? spør han.

– Det heiter kylling, ler Hege Myklebust.

Trur det kjem nynorsk meny
Samim Yousufi ved McDonalds Stord seier at det er opp til marknadsavdelinga til McDonalds å avgjera om menyen kjem på nynorsk. Men han understrekar at McDonalds legg opp til å auka lokale tilpassingar.

– Eg trur det kjem, seier han.

Innspelinga på Stord blir sendt på TV2 på fredag kveld.

Alex Rosén slo òg eit slag for at Stord skal få lov til å kalla ein stad for Morkjo, slik det heiter frå gamalt av, i staden for Morka, slik Statens kartverk ønskjer.

Oppdatert: torsdag 15. juli 2021 15.21
ANNONSE