Sametinget vil ha valfri opplæring i samisk eller nynorsk
Sametinget vil at alle elevar i dei samiske språkforvaltingskommunane skal kunne velje opplæring i samisk i staden for nynorsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sametinget vil også at skulane skal kunne velje å ha samisk som obligatorisk fag dersom dei ønskjer det, skriv NRK.
Det har Sametinget no foreslått for Kunnskapsdepartementet.
Men å sidestille nynorsk og samisk er ikkje mogleg, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
– Alle skular vil ikkje ha samisk språkundervisning, men alle elevar skal få innsikt i historia, kulturen, språket, samfunnslivet og rettane til det samiske urfolket, seier statssekretær Kristina Torbergsen (Ap) i Kunnskapsdepartementet til NRK.
Elevar som har samisk språkbakgrunn, kan i dag sleppe vurdering i nynorsk sidemål, men det gjeld ikkje norskspråklege elevar. Dei kan berre ha samisk som eit framandspråkfag på toppen av andre fag. Men alle elevar som bur i dei samiske forvaltingsområda, har rett til opplæring i og på samisk.
Sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen (NSR) presiserer overfor NRK at Sametinget ikkje er ute etter nynorsken.
– Mi grunnhaldning er at vi ikkje fremjar og utviklar samiske språk ved å la det gå ut over andre språk, heller ikkje nynorsk. Vi må jobbe for likestilling mellom språka, seier Mikkelsen.
Les også: «11 tiltak regjeringa bør innføre for å favorisere nynorsken»