Prøveprosjekt: Gratis bind og tampongar på skulen

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er NRK som melder dette.

Det er fylkesrådspartia Ap og Sp som har blitt samde med SV, MDG og Raudt om dette i budsjettet for neste år.

Det er sett av 200.000 kroner per år til eit toårig forsøk som startar hausten 2022.

Då er det utvalde vidaregåande skular i fylket som får vere med på prøveordninga.

– På høg tid

Gruppeleiar i SV, Balder Alvær Olafsen, seier dette er eit historisk vedtak:

– Vi går framfor som, så vidt eg veit, den første fylkeskommunen i Noreg som innfører gratis bind og tampongar på nokon som helst vidaregåande skular, seier han til NRK.

Ingvild Søreide er leiar av Ungdommens fylkesråd i Viken. Ho fortel at det er eit etterlengta tiltak og fortel at slik det er i dag må ho ringe rundt til vener for å låne bind eller tampongar.

– Eg synest at det støttar bra opp under gratisprinsippet som Viken er veldig flink til å fronte, i alle fall i dei vidaregåande skulane. Så det er på høg tid at ein ser dette også som nødvendig for at skuledagen skal bli likast mogleg for alle, seier ho til NRK.

Med 220.000 barn og unge i fylket, meiner ho likevel det er litt for lite med 200.000 kroner.

– Det er ynskjeleg at prøveordninga vert rulla ut til fleire og at det då også vert sett av meir midlar til det.

Ordninga skal stemmast over i desember og utredast våren 2022.

Bør sanitærprodukt vera gratis på skulen?

Bør sanitærprodukt vera gratis på skulen?

Ja, sjølvsagt!67
Nei, unødvendig7
Veit ikkje heilt4
Svar totalt: 78

Forsvaret brukar 1 million i året

Gratis sanitærprodukt har vore mykje diskutert dei siste åra, og i 2020 vart Skottland fyrst ut i verda med gratis menstruasjonsprodukt. New Zealand har eit gratistilbod på skulane, og i Frankrike har studentar tilbod om gratis produkt.

I februar i år ba kvinnelege vernepliktige i Forsvaret om gratis bind og tamponger, og fekk dette innført. Forsvaret estimerer eit forbruk på litt over 1 million kroner for heile 2021, skriv NRK.

I Rogaland fylkeskommune har ei liknande prøveordning vore diskutert og skal stemmast over i desember.


Illustrasjonsfoto: Ibrahim Rifath og Michael Longmire/Unsplash. Kollasj: Framtida.no