Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2017 kom Libresse ut med sin fyrste reklame som viste raudt blod i sanitær-bindet, i staden for den evinnelege blå veska ein har blitt så vand med.

I reklamefilmen ser ein mellom anna blod som renn ned låra på nokon som dusjar og ei som har blødd gjennom det kvite undertøyet sitt.

https://www.youtube.com/watch?v=lm8vCCBaeQw

Ville fjerna skam rundt mensen

Libresse ynskte å utfordra stigma rundt mensen med kampanjen #bloodnormal.

– Mens-skam aukar sannsynet for at folk i fattigdom skal slite ekstra med mensen. Andre kan slita med mental helse rundt dette. Som leiande på feminin hygiene ynskjer me å utfordra og til slutt fjerna skamma, slik at det blir lettare for alle å snakka om mensen både no og i framtida, sa kommunikasjonsansvarleg Traci Baxter til Cosmopolitan UK.

Skjermdump frå reklamen.

– Ekstremt upassande

Videoen vart send i fleire land, mellom anna i Australia, der merket har namnet «Libra». Der fekk reklame-vakthunden i landet, AdStandards, inn over 600 klagar.

Konklusjonen deira er no klar: ingen av klagane fekk medhald for brot på reklame-standardane i landet.

Innhaldet i nokre av dei over 600 klagane, var mellom anna:

«Å vise jenter som blør er feil på alle tidspunkt av døgeret.»

«Ekstremt upassande å vera så grafisk om ein så personleg og sensitiv sak.»

Skjermdump frå reklamen.

«Eg er heilt forferda over at Libra har bestemt korti eg skulle snakka med mi sju år gamle dotter om mensen.»

«Den er fullstendig upassande uansett tidspunkt på dagen, uansett publikum og særleg barn. Sjølv kona mi vart forferda over dette. Bileta i reklamen er ekle og nedverdigande ovanfor kvinner. Eg skulle likt å ha sett eit toalettpapir-firma bruka med bæsj over anus for å promotera sine produkt.»

Konklusjonen til reklame-rådet er at reklamen ikkje har brutt nokon av reglane for reklame i Australia, og at alle klagane bør bli avvist. Du kan lese rapporten her.