Skal mensen-produkt vera gratis?

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg betalar me meirverdigavgift, eller moms, for dei fleste varer og tenester. Men det er ulike prosentnivå på momsen utifrå kva varetype det er.

På sanitærprodukt er det 25% meirverdiavgift, på mat og drikke er det 14%. Det vil sei at me betalar meir moms for kjøp av tampongar og bind, enn me gjer for knekkebrød og syltetøy til dømes.

I USA er det framleis 31 statar som har «luksusskatt» på sanitærprodukt, ifølgje kampanjen Period Equity.

I Canada, England, Tyskland, India, Kenya, Australia og i New York i USA har dei dei siste åra anten fjerna momsen heilt, eller redusert den. Og i Skottland innførte dei denne veka gratis sanitærprodukt for alle, som første land i verda.

70.000 kroner på mensen

Den siste tida har debatten nok ein gong gått her i Noreg også, og seinast for to veker sidan sa bloggar Martine Halvorsen til TV 2:

– Eg synest det er ganske sjukt at staten tener så mykje pengar på at eg har mensen.

For mange er det også fleire kostnadar knytt til mensen, som til dømes smertelindringstablettar eller prevensjonsmiddel, i tillegg til sanitærprodukta.

Påverkar Kristiane Aateigen (28) «Snillegucci» har fleire gonger teke til orde for å fjerna mensenmomsen, og har rekna ut at ho sjølv vil bruka rundt 70.000 kroner på mensen i løpet av livet. 

Men kva meiner dei ulike ungdomspartia om saka? Kan me fjerna eller kutta momsen? Kva andre alternativ finst? Eller skal me ha det som det er i dag?

Les også: Skottland gjev gratis bind og tampongar til studentar

Her kan du sjå kva ungdomspartia svara:

Senterungdommen:

  • Vil ha norskproduserte sanitærprodukt og seier nei til «kommunal-tampong»

Senterungdommen er skeptiske til å gjera det gratis på grunn av finansieringa.

– Eg trur ikkje ein kommunal-tampong hadde vore så populært blant distriktspolitikarane som allereie får for lite frå regjerina. Me vil generelt ha mindre avgifter og bruka skattesystemet til å regulera meir, seier leiar Torleik Svelle.

Eg trur ikkje ein kommunal-tampong hadde vore så populært blant distriktspolitikarane

Han seier at det ligg ein god intensjon bak å foreslå gratis sanitærprodukt, men at det må sjåast på med nøkterne auge.

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen Pressefoto.

– Me kunne godt vore med på å sjå på alternative løysingar for korleis me kan gjera det meir rettferdig, men i utgongspunktet er eg nok skeptisk til at staten skal ta rekninga. Me ynskjer at alle forslaga me legg på bordet, skal kunne bli vedteke. Då må vi også ta hensyn til kostnadane.

Etter litt research fortel han at det ville vore meir aktuelt med til dømes momskutt, om ein kunne produsert produkta i Noreg.

– I Sverige blir det produsert mange tampongar på skog- og trevirkeprodukt. I Noreg har me dei same ressursane, og det er ingen grunn til at me ikkje skulle kunne gjera det i stadenfor. Om dette kan skapa  ei ny næring og norske arbeidsplassar, er det langt meir interessant å støtte det statleg.

Raud Ungdom (RU): 

  • Vil ha gratis sanitærprodukt for alle

Allereie i 2016 programfesta i Raud ungdom at dei ynskjer gratis sanitærprodukt for alle.

Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund. Foto: Didrik Sten Ingebrigtsen

Me meiner det er feil at ein som kvinne må betala 70.000 i løpet av livet på smertestillande og sanitærprodukt. Det blir teit at ein skal betala meir i moms for det, enn ein gjer for å kjøpa brus og godteri, seier leiar Tobias Drevland Lund.

Dei vil løyse det på same måte som ein i dag kan hente gratis kondom hos helsesjukepleiar.

Det bør absolutt vera gratis

Lund er glad for at debatten blir løfta, sjølv om han ikkje trur det blir fleirtal for å gjera det gratis.

– Men det er viktig at nokon tek til orde for det. Det bør absolutt vera gratis.

Grøn ungdom:

  • Vil ha gratis menskopp og kutt i moms

I Grøn ungdom vil dei innføra distribusjon av gratis menskoppar i skulehelsetenesta og på helsestasjonar for unge.

– Elles meiner vi det er fornuftig å kutte momsen på uunnverlege sanitærprodukt som bind og tampongar, skriv talsperson Hulda Holtvedt på sms. 

Unge Venstre:

  • Vil ha det som i dag

I Unge Venstre ynskjer dei ikkje å gjera det verken gratis eller å fjerna momsen på produkta, fordi meirverdiavgifta er ei viktig kjelde til statlege inntekter.

– Me er generelt skeptiske til å fjerne slike inntektskjelder, utan å samstundes foreslå måtar å erstatta inntekta på, seier Ane Breivik, nestleiar i Unge Venstre.

Ane Breivik, nestleiar i Unge Venstre

Ho meiner også å ha meirverdigavgift på bind og tampongar (som er eingongsprodukt og ressurskrevjande å laga), kan gi insentiv til å heller bruka meir miljøvenlege alternativ.

Eg trur det finst betre måtar å sikra likestillinga på

– Eg trur det finst betre måtar å sikra likestillinga på, enn å fjerna moms på mensen-produkt.

På landsmøtet i fjor var det oppe eit forslag om å fjerna moms på sanitærprodukt, men det vart stemt ned.

– Me vil heller jobba mot fattigdom og betra stønadane til dei som fell utanfor samfunnet. I Unge venstre er me også prinsipielt imot ordningar der ein gir universelle, gratis ting til alle, som til dømes gratis menskopp til alle. Det er betre å jobba målretta opp mot dei som treng det. 

Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF):

  • Vil ha momskutt og gratis sanitærprodukt på skule og i helsetenesta

I 2019 vedtok AUF på sitt landsmøte at dei vil ha gratis sanitærprodukt på alle skular, helsestasjonar og hos fastlegen. Dette inneber mellom anna tampongar, bind og menskopp.

I tillegg ynskjer dei å fjerna momsen på produkta som ein kjøper i butikken.

Den nye AUF-leiaren Ina Rangønes Libak brenn for klima og likheitssamfunnet. Foto: AUF

Det er ein ting kvinner er avhengige av, og som ein ikkje velgjer. Det er kanskje viktigast for unge at det finst ein moglegheit å hente gratis i tillegg til at det blir rimelegare i butikken, seier leiar Ina Libak. 

Det er jo urettferdig å måtte blakke seg på det

Ho trur det er mogleg å få fleirtal for deira løysing, og meiner det er bra at problemstillinga jamnleg vert diskutert.

– Det er jo urettferdig å måtte blakke seg på det, og me prøver å finna ei praktisk løysing.

Les også: 2016: Skuleelevar og studentar må få gratis bind- og tampongar, meiner AUF i Nordland. 

Sosialistisk ungdomsparti (SU)

  • Vil ha momskutt og gratis sanitærprodukt for unge 

– Me ynskjer eigentleg at det skal bli gratis, men me må sjå kva løysing me skal gå for. Det viktigaste for oss som ungdomsorganisasjon er å sikra det for unge jenter. Ein får jo mensen lenge før ein er ute i arbeid og tener pengar, seier feministisk leiar, Maria Bonita Igland.

Ein får jo mensen lenge før ein er ute i arbeid og tener pengar

Maria Bonita Igland, feministisk leiar i SU

Ungdomspartiet har vedteke at dei ynskjer å fjerna moms på bind og tampongar, og sørge for at det blir gratis for jenter opp til og med vidaregåande-alder. 

Igland trur også at å gjera det meir økonomisk tilgjengeleg, kan vera med på å fjerna noko av stigmaet rundt mensen.

 Det er ein del av det å vera jente og ein betaler latterleg mykje for det i året. Det handlar også om klassebakgrunn.

Unge Høgre

  • Vil ha det som i dag

 

Leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot. Pressefoto

Unge Høgre har ikkje noko vedteke politikk på området, men leiar Sandra Bruflot seier ho meiner ein ikkje bør fjerna momsen.

Eg synest det er vanskeleg å forsvara at bind og tampongar skal gjerast gratis

– Grunnen til at me har moms på alle varer og tenester er for å finansiera vår felles velferd. Momsen er lågare på mat, men på dei fleste andre produkt er det 25% moms. Det gjeld også nødvendigheitsvarer som legemiddel til dømes. Det er moms på «snille» produkt som hjartestartarar og tryggleiksutstyr også. Eg synest det er vanskeleg å forsvara at bind og tampongar skal gjerast gratis, medan ein til dømes må betala for legemiddel og andre helsetenester.

Framstegspartiets ungdom (FpU)

  • Vil ha flat moms på alle produkt og tenester

I FpU ynskjer dei som kjend å få ned skattar og avgifter, generelt. Også i denne saka ser dei difor høve til å løfta problemstillinga til det strukturelle.

Me har er eit skatte- og avgiftsregime som stort sett skattelegg oss høgt. Då kjem desse type diskusjonar opp, og då bør ein løysa det med å få ned nivået for fleire typer varer. Det vil alltid dukke opp enkeltting ein ynskjer å redusera momsen på, men me ynskjer å sjå større på det enn berre denne enkeltsaken, fortel formann Bjørn-Kristian Svendsrud.

Kvifor skal det vera ulik moms på mensen-produkt og mat?

Han ynskjer ein flat momsstruktur, framfor ulik momsprosent på ulike varetyper.

– Om ein til dømes har 15% moms på alt vil det meste bli rimelegare, også sanitærprodukt. I tillegg gir det grunnlag for ein flatare inntektsskatt og reduserer staten sine utgifter.

Han utfordrar dei andre partia til å vera med på flat momsstruktur.

 Kvifor skal det vera ulik moms på mensen-produkt og mat? På dopapir og mat? Det er jo også produkt som blir brukt i kvardagen – for alle. 

Kristeleg folkepartis ungdom (KrfU)

  • Har ikkje vedteke noko og vil ikkje kommentera det ytterlegare