Unge Venstre går inn for sjølvbestemt abort til veke 22

– Heilt galskap, svarar Senterungdommen.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Under landsmøtet til Unge Venstre 25. – 27. oktober, gjekk ungdomspartiet inn for abort til veke 22.

Eit knapt fleirtal i sentralstyret ynskte å avvise forslaget, men landsstyret innstilte likevel på å gå inn for abort til veke 22 og landsmøtet vedtok det på laurdagen.

– Eg er veldig glad for at landsmøte gjekk inn for abort til veke 22. No vil Unge Venstre styrke kvinners sjølvbestemmelse og fridom over eigen kropp, skriv leiar Omar Svendsen-Yagci til Framtida.no på e-post.

Veke 12 sidan 1975

Regjeringa la i august fram forslag om ny abortlov, med utviding av sjølvbestemt abort til veke 18. For å få lova vedteken treng Ap støtte frå nokre få utbrytarar frå Sp, Høgre og Frp.

Forslaget er enno til behandling og ikkje avgjort.

I 1975 vart det lov med abort dersom det var sterke grunnar til det, og i 1978 vart det for første gong lov med sjølvbestemt abort fram til veke 12.

Det har kome fleire endringar i abortlova sidan då, men veketalet for når den gravide sjølv bestemmer om ein kan ta abort eller ikkje, har lege fast: opp til veke 12.

I dag må ein søke ei nemnd dersom ein ynskjer abort mellom veke 12 og 22.

– Heilt galskap

AUF, FpU og Grøn Ungdom har tidlegare gått inn for å utvide retten til veke 18, medan Sosialistisk Ungdom ynskjer å gå lengre. Dei vil oppheve abortnemndene og ha sjølvbestemt abort fram til levedyktigheit som i dag er veke 22, slik som Unge Venstre no har gått inn for. KrFU har gitt opp å få ei strengare abortlov, og vil behalde veke 12.

Unge Høgre og Senterungdommen har programfesta at dagens abortlovgiving skal ligge fast, på veke 12.

Senterungdommen meiner at dagens reglement har stått seg godt over tid, og ivaretar omsynet til både foster og kvinner.

– Kva synest de om at Unge Venstre går inn for veke 22?

– Det synest me er heilt galskap. For Unge Venstre er det vel viktigare å vere liberal i sine gale meiningar enn å ha ein fornuftig inngang til politikken. Om ei veke er det eit levedyktig foster, og det viser null respekt for det ufødte liv, seier Nils Forren, politisk nestleiar i Senterungdommen, på telefon til framtida.no.

Positiv til nemnd

Han ynskjer at lova skal ligge fast for å unngå at kvinners rettar skal bli eit forhandlingskort:

Dei aller fleste får det jo godkjent, men når det blir opna for ei utviding av rettane, er eg bekymra for er at ein kan få ein motreaksjon der nokon seinare vil strame dei inn.

Han synest også at nemnd kan vere ein positiv ting, slik at ein kan ta valet saman med fleire, og at forslaget til Unge Venstre er verdimessig feil.

– Det handlar om respekten for det ufødte liv. Me vil ikkje ha den samfunnsendringa.

Han meiner det viktige er å gjere det betre og meir tilgjengeleg å få ta abort i heile landet om ein ønsker det.

– Medikamentell abort må ein kunne ta i primærhelsetjenestane, så ein slepp å ta fri frå skulen og ta buss til byen for å ta medikamentell abort på sjukehuset.

Bør ikkje vere politisk spørsmål

På telefon til framtida.no, svarar leiar i Unge Venstre, Svendsen-Yagci, på si side at det ikkje handlar om å framstå liberal, men om kvinners rett til sjølvbestemming over eigen kropp og liv.

– Kven som skal få lov til å velge å ta abort, er det ikkje Senterungdommen som skal bestemme, men kvinna sjølv. Eg synest Senterungdommen, istadenfor moralisere over kvinners val, burde vere meir opptekne av å sørge for at kvinner kan bestemme over eigen kropp, enn å halde seg fast i fortida.

Han peikar på at det er viktig for Unge Venstre å ha ei abortlov som respekterer og sikrar kvinners rett til sjølvbestemming, i ei verd der rettane vert svekka.

Det er openbert etiske spørsmål for den enkelte, men me meiner abort ikkje bør vere eit politisk spørsmål. Det er personleg både å bære fram barnet og korleis det påvirkar framtida til den kvinna. Det er alltid den som er imot fridom som har bevisbyrden.