Norsk studentorganisasjon meiner sanitetsprodukt skal vere gratis for alle studentar og lett tilgjengeleg på campus.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
− Studentar menstruerer som alle andre, og det fører med seg kostnadar til sanitetsprodukt som den menstruerande ikkje kan velje vekk.
Det fortel den nyvalde leiaren i Norsk studentorganisasjon Tuva Todnem Lund i ein e-post til Framtida.no.
Under helgas landsmøte vedtok organisasjonen at dei meiner bind og tampongar skal vere gratis for studentar.
Vil motverke stigma
– Eg meiner at tilgjengeleg og gratis sanitetsprodukt på studiestaden vil motverke både stigma og lette på den økonomiske byrden for mange, seier Lund og legg til:
– Land som Skottland og Frankrike har gjort sanitetsprodukt gratis for studentar og elevar, og Noreg bør følgje etter.
Frankrike vedtok i mars at menstruasjonsprodukt blir gratis for studentar og at det skal bli sett opp dispensarar for sanitetsprodukt på campus og i universitetesbustadar.
Skottland var først ute, og gjorde i fjor bind og tampongar gratis. Ved nyttår fjerna Storbritannia den såkalla «tampongskatten», medan New Zealand har innført gratis bind og tampongar på skulen.
I Noreg har Forsvaret bestemt at soldatane skal få gratis bind og tampongar.
Må vere tilgjengeleg på campus
NSO vil òg at sanitetsprodukt skal vere lett tilgjengelege på alle campus, at det skal vere mogleg å kaste brukt sanitetsutstyr på alle toalett ved campus.
– Tilgjengelege sanitetsprodukt for studentar gjer kvardagen for studentar enklare, og ein vil kunne bruke meir tid på det å faktisk vere student, utdjupar Tuva Todnem Lund.
Vidare meiner NSO at universitets- og høgskulesektoren bør bidra til bruk av berekraftige sanitetsprodukt blant studentar.