Bind og tampongar blir gratis i Skottland

Den skotske nasjonalforsamlinga har samrøystes vedteke eit lovforslag som lovfestar retten til tilgang på tampongar og bind, skriv Sky News.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forslaget vart fremja av Monica Lennon, som er helsetalskvinne for den skotske fløya av Labour. Ifølgje Sky blir Skottland dermed det første landet i verda med gratis menstruasjonsprodukt.

Lennon kallar lovforslaget «praktisk og progressivt» og seier viktigheita av å gjere slike produkt tilgjengeleg for alle har vorte understreka av koronapandemien.

– Menstruasjonen stoppar ikkje på grunn av pandemiar, og arbeidet med å betre tilgangen til heilt essensielle tampongar, bind og produkt som kan brukast om igjen, har aldri vore viktigare, sa ho.

Den skotske regjeringa må ifølgje lovforslaget etablere eit landsdekkjande program som skal tilby menstruasjonsprodukt gratis til alle som treng dei. Også skular, høgskular og universitet må kunne tilby ei rekkje produkt gratis.

Skottlands førsteminister Nicola Sturgeon skriv på Twitter at ho er «stolt av å stemme for dette banebrytande forslaget».


Les også intervju med Mensen-programleiar Tamanna: – Eg snakkar om mensen heile tida

Tamanna Agnihotri er programleiar i nytt prateprogram om mensen, som startar opp på NRK 24. august. Foto: Maria Oliva Rivedal/NRK P3