Då lærar Hilde Boksasp Lerum bad NRK om å få undervisingsopplegget til BlimE!-aksjonen på nynorsk fekk ho beskjed om å sende dei den nynorske teksten så dei kunne legge det inn.
Svein Olav Langåker/Ingvild Eide Leirfall
Svein Olav Langåker/Ingvild Eide Leirfall

BlimE!-aksjonen starta på MGP jr. i 2010, og det er tiande gongen i år at det er laga ein eigen BlimE!-song.

Bingo-brettet som lærar Hilde Boksasp Lerum ynskte å få på nynorsk.

Songen finst på teiknspråk, bokmål, samisk – han finst til og med på fransk og tsjekkisk!

Men ikkje noko av materiellet finst på nynorsk. 

Ikkje på nynorsk

I år har også NRK laga eit eige undervisingsopplegg for lærarar og elevar, men som heller ikkje finst på nynorsk.

Hilde Boksasp Lerum er lærar i 1. og 2. klasse på Skjolden oppvekstsenter. Ho klikka seg inn for å finne undervisingsopplegget og vart overraska då ho ikkje fann det på nynorsk.

– Éin ting er det som er laga til lærarane, eg forstår jo bokmål, men eg deler ikkje ut ting til borna som ikkje står på nynorsk, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho sende spørsmål til NRK og fekk til svar at ho kunne omsetje teksten, så kunne NRK legge det inn på sine sider.

– Då vart eg så irritert. Herregud, dei må jo ha nokon i systemet som kan nynorsk. Det hadde teke meg ti minutt, men det er ikkje min jobb. Eg er ikkje tilsett i NRK, seier ho.

Ho tykkjer det er rart at ikkje statskanalen hadde tenkt på begge målformer når dei har ein landskampanje. Men då ho fekk til svar at ho kunne omsetje for dei, vart ho irritert.

– Det er ikkje greitt. Det er litt nonchalant av ein statskanal.

NRK fortel at det var ein glipp frå deira side å ikkje sikre innhaldet i ein nynorsk versjon også.

– Det burde vi sjølvsagt ha laga, og vil sørgje for det i framtida, svarar prosjektleiar Ida Hartmann i NRK Super på e-post til framtida.no.

Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hugøy Hovland/ Norsk Målungdom

– Utruleg kjipe signal til nynorskelevar

Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom, tykkjer dette er skuffande. Ho meiner at når ein jobbar med ei kjempesatsing, som BlimE er, bør nynorsk vere ein sjølvsagt del av det.

– Det sender utruleg kjipe signal til tusenvis av nynorskelevar rundt om i landet. Betyr språket deira så lite for NRK? spør ho.

– Signalet er jo eigentleg ganske klart: «Vi ser deg ikkje» eller «Vi bryr oss ikkje om språket ditt». Eg reknar med at det ikkje har vore det som er tanken til NRK, men sanninga er at det er det som er signalet dei sender ut no, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Ho håpar NRK ryddar opp i dette raskt.

– Det blir for dumt at eit prosjekt som handlar om inkludering og samhald er ekskluderande.

Målungdomsleiaren meiner også at det er problematisk at undervisingsopplegget berre finst på bokmål.

– Det held ikkje. Mindre organisasjonar greier dette, det har vi nyleg sett med Sex og Politikk si Veke 6. Det burde vere ei lett sak for NRK. Her er ingen unnskuldingar gode.

Timo Emanuel S. Risnes (10), Adam Huliyeifuah (10), Andrea Jeanette Guttormsen (10), Inga Malene Koløy Kartveit (10), Alida Emanuelsen Fahlen (10) og Angelica B. Veivåg (10).

– Litt rart på bokmål

Elevane på Tjødnalio skule på Stord har fått med seg at BlimE!-songen finst på fleire språk. I år finst han på både teiknspråk, samisk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, tsjekkisk – i tillegg til bokmål.

– Når dei har laga songen på så mange språk, så burde dei òg laga den på nynorsk, seier Angelica Veivåg (10).

– Det er litt rart å synga «jeg» og «hjertet mitt» på bokmål, seier Inga Malene Koløy Kartveit (10).

– Eg håpar dei kan laga ein nynorsk song òg, legg ho til, og dei andre nikkar.

Elevane har ei klar melding til NRK Super:

– Ver så snill, NRK, kan me få BlimE!-songen på nynorsk?! ropar femteklassingane.

Svar frå NRK:

Framtida.no sende følgjande fem spørsmål til statskanalen:

– Meiner de at lærarar skal omsetje materiale for statskanalen?
– Kvifor finst det på samisk og teiknspråk og ikkje tilgjengeleg på nynorsk?
– Korleis speglar dette NRK si vilje til å innfri nynorskkravet?
– NRK har sagt dei skal satse på nynorsk, kvifor gjeld ikkje det her?
– Kva signal sender dei til nynorskbrukande barn?

Dette svara prosjektleiar Ida Hartmann i NRK Super på e-post til framtida.no:

«I NRK Super ønsker vi at alle barn i hele landet skal kjenne seg igjen i innholdet vårt og føle seg inkludert. Vi er opptatt av å speile det språklige mangfoldet og tilbyr innhold på begge målformene. De siste årene har vi oppfylt kravet om minst 25 prosent nynorsk.

Til årets BlimE! lagde vi for første gang BlimE-diplom og -bingo som lærerne kunne bruke sammen med et undervisningsopplegg om vennskap og inkludering. Det er en glipp fra vår side at disse ikke finnes i en nynorsk versjon. Det burde vi selvfølgelig ha laget, og vil sørge for det i framtiden.

Teksten til BlimE-låta skrives og synges på den dialekten artisten har. I tillegg er den tilgjengelig på samisk og finnes som video på tegnspråk».


Kong Harald blir overrekt trontalen av Erna Solberg under opninga av det 164. stortinget. No har arbeidsprogramnemnda til Noregs Mållag laga eit utkast til nytt arbeidsprogram der det står at kongehuset sine talar bør vere på nynorsk. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Oppdatert: måndag 29. november 2021 14.13

LES OGSÅ

ANNONSE