Jean (16) designa kostyme til Maskorama
Etter at designen hans vart valt ut av Emma Gunnarson, fekk han både praksisplass og sommarjobb i Maskorama.
– Det var litt sånn bekymring frå meg i starten om det kom til å gå bra, men Kjell og teamet er skikkeleg proffe og då eg såg det endelege produktet var eg ekstatisk, minnast Jean Salter (16).
Dei siste vekene har han og over 700 000 nordmenn kunna sjå kostymet han har designa synga mellom anna Gunerius av Karpe og What’s in it for me av Amy Diamond.
Han står nemleg bak designen til Maskorama-figuren Marionetten, som kom heilt til semifinalen i det populære NRK-programmet.
Supertalent
Jean har allereie rekt å bli ganske medievant og har vorte intervjua av både VG og NRK Supernytt om innsatsen sin.
Designar Kjell Nordström fortalde til VG tidlegare i haust at han vart ekstra rørt då han såg teikninga til Jean.
– Med ein gong tenkte eg berre: «wow», sa designaren til avisa.
Til Supernytt skraut designaren av at Jean hadde eit supertalent og brukte 10 minutt på den første skissa av ei ballerina, som seinare vart til Marionetten.
Praksisplass og sommarjobb
16-åringen går i første klasse på kunst og design på vidaregåande. Han er glad i å teikna digitalt og drøymde eigentleg om ein karriere som illustratør eller designar innafor dataspel, men har no fått augo opp for fysisk design òg.
I praksis og sommarjobb har han fått sjå korleis kostymeteamet jobba med ulike materialar, vore med på kostymeprøvar og laga tilbehøyr og måla på kostyma.
– Skrotnissen har eg gjort mykje på og laga mykje tilbehøyr til. Desse mekaniske delane, tannhjula, måtte eg skjæra ut mange av, forklarar Jean.
Han lærte mange ulike teknikkar, om ulike materiale, og konstruksjon av dei store maskene, som òg skulle kunna flyttast rundt på.
Lite team
Medan 16-åringen frå Asker var innlagt på sjukehus med livstrugande sjukdom, fekk han ein unik moglegheit. Saman med andre elevar på sjukehusskulen fekk han delta på Maskorama-workshop med designar Kjell Nordström.
Workshopen resulterte i skisser til Maskorama-figurar, og Jean si skisse vart valt ut som utgangspunkt for kostymet til Marionetten.
Undervegs lærte deltakarane mange Maskorama-hemmelegheiter.
– Eg likte spesielt godt å høyra om korleis dei laga kostyma. Dei er jo berre eit team på tre, forklarar Jean på telefon til Framtida.no.
Dårlege forslag
Han såg litt på Maskorama i fjor, men i år har det vore betydeleg meir spanande å følgja med. For etter at Jean sitt kostymedesign vart valt av deltakar Emma Gunnarsen, har han fått både praksisplass og sommarjobb i Maskorama-produksjonen.
– Familien min var ganske nysgjerrig, men eg var under kontrakt der eg ikkje skulle snakka om noko. Det gjekk ganske fint fram til Maskorama, men då eg var der første kvelden saman med familien min, var nokre av gjetta så forferdelege at det var vanskeleg å ikkje seia noko, minnast han.
Blant venene var det ikkje like stor interesse og nysgjerrigheit, og på noverande tidspunkt i konkurransen hevdar han å ikkje veta meir enn oss andre om kven som står i finalen.
Laga teikning til Emma
Kjell Nordström hadde ideen om å klippa trådane som heldt marionetten, og bestilte mykje krystallar og stort hår.
– Eg synest ho liknar litt på Emma. Ho er veldig modig, søt og fin. Det passar godt til Emma, synest Jean.
Han synest det er kult at kostymet hans vart brukt av ei som er på hans eigen alder, og gler seg til å helsa på Emma Gunnarsen under finalen.
– Eg har laga ei lita teikning til ho, slik at eg kan seia ordentleg farvel, avsluttar han













