Kringkastingssjefen hadde piknik ved foten av Pyreneane på 20-årsdagen sin

Vibeke Fürst Haugen ville tipsa seg sjølv om at røykelova var ein god ide.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi var seks norske jenter som hadde køyrd minibuss frå Oslo til Pau, sørvest i Frankrike, ved foten av Pyreneane. Vi gjekk på universitet, men var ikkje veldig ivrige studentar. Mest var vi på tur i fjella og ved havet.

Det svarar Vibeke Fürst Haugen på e-post om kva ho gjorde då ho var 20 år. I 2022 vart ho den første kvinnelege kringkastingssjefen i NRK si historie.

I 1988 var det heilt andre ting som skjedde i livet hennar.

Skeptisk til ny røykelov

Den amerikanske presidenten Ronald Reagan (i midten) saman med Mikhail Gorbatsjov (til høgre), dåverande leiar i Sovjetunionen, og vispresident George H. W. Bush (til venstre) i New York i desember 1988. | Foto: Reagan White House Photographs, 1/20/1981 - 1/20/1989, Public domain, via Wikimedia Commons

Haugen budde i Frankrike og prøvde å lære seg fransk. Ho hugsar ei generell optimisme til verda, og at «Nei til atomvåpen» var blitt ei stor rørsle.

– Det var initiativ om nedrusting mellom USA og Sovjetunionen og store forventningar til Gorbatsjovs reformer som president i Sovjetunionen.

Samstundes var det andre endringar i vinden:

– På eit litt meir kvardagsleg plan var vi skeptiske til den nye røykelova som var på trappene.

Røykelova som kom i 1988 gjorde at det ikkje var lov å røyke overalt, men det var ikkje før i 2004 at det vart ulovleg å røyke inne.

Piknik ved Pyreneane

Haugen hugsar godt kvar ho var på 20-årsdagen sin.

– Vi var på piknik på ein gard ved foten av Pyreneane. Vi åt god mat og hadde det veldig hyggeleg.

Medan resten av dei norske venene etter kvart vende nasen heim, gjekk Haugen ein annan veg. Det sterkaste minnet frå det året er nettopp kva konsekvensar som kunne kome av det.

– Det gjekk opp for meg at valet om å bli verande i Frankrike etter at venene mine reiste heim, kunne bety noko for livet eg skulle få. Eg var lenge i tvil om kor eg skulle bu og kor eg skulle studere. Eg enda opp med å bu i Frankrike, medan eg studerte på Blindern i Oslo.

Jazz og feministisk litteratur

Haugen fekk seg franske vener ho høyrde på jazz med, og leste feministisk litteratur av Marilyn French, Fay Weldon, Suzanne Brøgger og Gerd Brantenberg.

– Eg var lite bekymra, hadde stor utferdstrong, tenkte eg kunne bu der eg ville og lære kva det skulle vere.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Absolutt ikkje. Eg hadde ingen plan. Utan at eg visste det då, skulle eg bli verande mange år i Frankrike før eg flytta heim, tok siste eksamen i ein cand.mag.-grad og begynte i ein sommarjobb i NRK.

Ei litt yngre Vibeke Fürst Haugen. | Foto: Privat

God ide med røykelova

Haugen fortel at ho ikkje hadde noka stor frykt som 20-åring, men at ho var passe bekymra for det meste. Dei viktigaste personane i livet var venene.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At ho var vel korttenkt.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg har aldri vore så opptatt av å gi råd, men nokre ting skulle eg ha sagt til Vibeke 20 år: Pust litt rolegare, gjer så godt du kan, det går helst godt. Og vit at røykelova er ei skikkeleg god ide!