Medietilsynet: NRK oppfylte alle krav unntatt kravet om 25 prosent nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Også tidlegare har NRK strevd med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk på alle plattformer, skriv Medietilsynet i den årlege allmennkringkastarrapporten sin.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

I fjor vart delen nynorsk på nett 17 prosent, og på radio enda det med 22,7 prosent, ned frå 26 prosent i 2019.

– Nynorsk-kravet har vore ei utfordring for NRK lenge, og Medietilsynet har konstatert brot på kravet i fleire tilsynsrapportar. Her må det openbert til ytterlegare tiltak for å sikre ein tilstrekkeleg del nynorsk på alle plattformer, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Får ros for norsk musikk

Bortsett frå dette, og tvil om kravet til språklege minoritetar er oppfylte, gir tilsynet NRK ros for å ha oppfylt krava. Spesielt kravet om 40 prosents del norsk musikk i hovudkanalane er meir enn oppfylt med 58 prosent i P3 og 56 prosent i P1 i fjor.

I tillegg skriv tilsynet at kringkastaren har spelt ei viktig rolle under pandemien.

– Tilsynsresultatet viser at NRK omstilte seg raskt for å dekkje det auka informasjonsbehovet til befolkninga, står det i rapporten.


Nyheitsredaktør Karianne Solbrække fortalde at TV 2 hadde gåande ein nynorskdiskusjon. No har kringkastaren snudd i nynorskforbodet. Foto: TV 2 via Scanpix.