Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg reagerer kraftig på at nokon tar til orde for å fjerne forfattarar på bakgrunn av deira hudfarge, etnisitet eller kjønn, såkalla avkolonisering av akademia. Det er radikalt, og motsett av vegen vi burde gå.

Det seier formann i Framstegspartiets ungdom Andreas Brännström på telefon til Framtida.no. Han viser til saka Framtida.no publiserte tidlegare i veka om Sigrid Tviberg og Piniel Demisse som boikottar studiet og førelesingar fordi dei meiner det er mangel på representasjon blant førelesarar og i pensum. Dei meiner det er på tide med ei avkolonisering av akademia.

– Det er hovudsakleg eldre, kvite menn som er førelesarar, og som har valt eit pensum der deira likemenn er overrepresenterte. Samstundes er det rørsler i samfunnet og på UiO som forsøker å presse for dekolonisering av akademia, men som aktivt blir motarbeidde, sa Tviberg til Framtida.no då.

– Rasisme

FpU-leiaren seier han trudde vi var langt forbi den tida ein brukte hudfarge som argument.

– Å fjerne forfattarar på bakgrunn av deira hudfarge, det er diskriminering og rein rasisme, meiner han.

Brännström synest auka representasjon og perspektiv frå ulike delar av verda naturlegvis er positivt, men meiner hudfarge i den samanhengen er totalt irrelevant.

– Det er framleis kunnskapen og kompetansen som skal vere avgjerande, slår han fast.

Sigrid Tviberg og Piniel Demisse meiner det er på tide med ei avkolonisering av akademia. Foto: Privat, Benjamin A. Ward/OsloMet, Bente Kjøllesdal/Framtida.no. Kollasj Framtida.no

Debatt om avkolonisering

Etter at SAIH under årsmøtet sitt i 2018 vedtok ein resolusjon om «avkolonisering av høgare utdanning» raste debatten om avkolonisering av akademia. Både sjølve omgrepet og konsekvensane av ei avkolonisering blei debattert og kritisert.

Fleire universitet ville ikkje bruke omgrepet avkolonisering, men heller snakke om mangfald.

– Debatten om avkolonisering er større enn berre mangfald. Han handlar om ulike maktstrukturar i akademia om rekruttering og om pensum, sa dåverande SAIH-leiar Beathe Øgård til Khrono.

Då SAIH lanserte avkoloniseringsverktøyet avviste dei at avkolonisering inneber å gi ei særstilling til ikkje-europiske perspektiv, og uttala at dei ikkje ønskjer å forkaste dei vanlege vurderingskriteria i forsking.

Vil løyse seg sjølv

Andreas Brännström i FpU meiner identitetspolitikk er ein farleg veg å gå.

– Vi kan ikkje sparke eller «kansellere» mannlege akademikarar som er flinke for å gjere plass til kvinner, seier han.

Han samanliknar avkoloniseringsdebatten med situasjonen for politisk tilhøyrsle i akademia. Ifølgje Brännström er akademia i Noreg i stor grad venstreradikalt. Han skulle gjerne sett fleire høgreorienterte stemmer i akademia, men synest ikkje dei skal kvoterast inn for det.

– Dei må jobbe for å kome seg inn sjølve.

Fpu-leiaren meiner det ikkje er unaturleg at det er ei skeivfordeling av representasjon i akademia, sidan fleire i den vestlege verda har høgare utdanning. Han utdjupar at det er viktig å leggje til rette for at fleire kan ta utdanning.

– I dag er det fleire kvinner enn menn som tar høgare utdannning, så eg trur det vil løyse seg sjølv. Vi må ha tillit til at studiestadane sjølv vel best mogleg pensum, dei er betre eigna til å ta dei vurderingane enn politikarar og aktivistar.

Raud Ungdom: – Ser spøkelse på høglys dag

– Eg trur berre det er FpU som klarar å bli så provosert over at nokon etterspør meir mangfald!

Slik reagerer Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus på utspelet frå FpU-leiaren om avkolonisering.

– For meg framstår det litt som om FpU kokar suppe på spiker her, og ser spøkelse på høglys dag, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Alberte Tennøe Bekkhus er leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

Bekkhus meiner ingen studieretningar, fakultet, institutt eller universitet hadde blitt svekte av fleire minoritetsstemmer eller kvinnestemmer, men at det tvert i mot gir ei betre forståing av tema, utfordrar oss og gjer oss klokare.

– Sjølvsagt er behovet ulikt frå studium til studium, men til dømes i utviklingsstudium som handlar om det globale sør, er det «whack» at det nesten ikkje inkluderer stemmer frå det globale sør.

– Det er ingen som tar til orde for å «kansellere» mannlege og/eller kvite akademikarar. Dette er eit usant narrativ FpU bygger opp for å mistenkeleggjere og tåkelegge verkelege diskusjonar som går i akademiske miljø, av akademikarar og samfunnsdebattantar med alle bakgrunnar, held ho fram. 

Grunnen til vi treng avkolonisering

Piniel Demisse (21) er ein av dei som var intervjua i Framtida-saka Brännström reagerer på, og ho har valt å droppe førelesingar på grunn av det ho meiner er mangel på representasjon. Ho meiner ein må få ei betre forståing av kva avkolonisering er viss ein trur det er diskriminering og rasisme.

Piniel Demisse. Foto: privat

– Avkolonisering av akademia handlar om å løfte og fremje stemmer som har vore ekskludert gjennom historia. Det handlar om å anerkjenne at det finst andre perspektiv og verdssyn utanfor det eurosentriske narrativet vi blir mata i akademia, forklarar Demisse og held fram:

– Ekskludering av perspektiv frå det globale sør opprettheld koloniale strukturar og kvit overmakt. Det handlar om å anerkjenne at vestleg tenkning og teoriar ikkje er universelt.

Demisse tykkjer det forsterkar nødvendigheita av avkolonisering av akademia når FpU-leiaren seier at det er naturleg at det er ei skeivfordeling av representasjon i akademia sidan fleire i den vestlege verda har høgare utdanning.

– Dette er ein konsekvens av kolonialisme, og grunnen til at vi treng avkolonisering.


Masa Paunov og Kimiya Sajjadi. Foto: Big Enough Global