Ane (25) er på klimatoppmøtet i Glasgow: – Land må step up

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei som har bidrege minst til klimaendringane, er dei som kjenner dei mest. Då må land som har bidrege til klimaendringane step up

Når Ane Aurora Skjølberg Serreli (25) pratar med Framtida.no på telefon, er ho nyleg komen på plass til klimatoppmøtet i Glasgow, som varer frå 31. oktober til 12. november.

Ho deltek på COP26 som den einaste representanten for barn og unge i den norske delegasjonen, som vert leia av klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap). Hennar rolle er å vere ei bru mellom dei unge frå sivilsamfunnet og delegasjonen.

Dei to vekene i den skotske byen vert hektiske. Ho har møter ho skal nå, nettverk ho må bygge og forhandlingar ho må påverke.

– Eg vert sta og sint av urettferd, og klarar ikkje late vere å gjere noko med det, fortel Ane Aurora Skjølberg Serreli om kvifor ho har engasjert seg. Ho vart nominert som delegat på klimatoppmøtet av Spire, som ho er medlem i. Foto: Privat

Koronatest og politiske signal

Dagen startar tidleg, og allereie klokka seks er Serreli vaken. Ho lyt ta ein hurtigtest for å vise at ho ikkje er koronasjuk før ho kan vende snuten mot COP26-arenaen.

Tysdag hadde 25-åringen vore litt vel tidsoptimist, og rekte ikkje fram før rushet. Ho laut såleis stå i kø nærare halvannan time før ho sleppte inn på arenaen som husar klimatoppmøtet.

– Men desse dagane er det ekstra spesielt, sidan det er høgnivåmøte og mange er interesserte, forklarar Serreli.

Dei unge norske oppmøtte på klimatoppmøtet har hatt møte med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tidlegare denne veka. Foto: Privat

Verdsleiarane har nemleg kome til i Glasgow, og på rekkje og rad skal dei legge fram sine klimaløfter og målsetjingar.

Serreli medgjev at ho kan verte litt starstruck av å vandre rundt dei same korridorane som nokre av verdas mektigaste personar. Plutseleg kan presidenten i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen, stå bak ho omgjeven av sikkerheitsvakter.

Det viktigaste er likevel ikkje å skulle skaffe seg ein selfie i gangen, men kva verdsleiarane har med seg til bords:

– Vi har høge forventningar til at det no faktisk skal kome eit politisk signal om at verdsleiarane tek klimakrisa på alvor, og har konkrete planar for korleis vi skal kome oss gjennom ho på ein ordentleg måte, seier Serreli.

Som ei stor messe

Serreli fortel at COP26 er nesten som ei stor messe, med mange parallelle møter og arrangement. Vel så viktig som dei store, politiske deklarasjonane som du les om i media, er møtene der ein forhandlar om agendapunkt og budsjett, for det er der løfter vert konkretiserte til planar.

Sjølv skal Serreli følgje ekstra med på forhandlingane om Action for Climate Empowerment (ACE), som tek føre seg korleis ein kan få flest mogeleg til å delta i omstillinga gjennom å sikre tilgang på informasjon og reelle måtar for innverknad.

Ane Aurora Skjølberg Serreli fortel at det er kort veg til dei som forhandlar på vegner av Noreg: – Om vi lurer på noko, så kan vi berre gripe tak i det, og det er ikkje alle land som legg like godt til rette for ungdomsmedverknad og informasjonsflyt. Foto: Privat

Andre i delegasjonen følgjer med på forhandlingane kring tema som tap og skade eller kring artikkel 6 i Parisavtalen, som omhandlar klimakvoter. Artikkelen var eitt av tvistepunkta som gjorde at forhandlingane i Madrid gjekk i lås.

Framleis er delar av «regelboka» frå Parisavtalen uferdig, og Serreli påpeikar kor avgjerande det er at dei siste bitane fell på plass.

Ungdomsdelegaten understreker at det er viktig å følgje forhandlingane òg i desse møta, og høyre kva land som er ekstra sårbare for klimaendringane fortel:

– I Noreg så lever vi fine liv og klimaendringane treng ikkje nødvendigvis påverke oss så mykje utanom å lese om dei i avisa, men det er land og folk i verda som allereie kjenner endringane på kroppen og på livet sitt.

Har følgt forhandlingane sidan 2018

Serreli har tidlegare vore sivilsamfunnsobservatør på klimatoppmøtet og mellomforhandlingane i 2018 og 2019, og har teke del i oppkøyringa til årets COP26.

For kvart år som går utan større endringar, så vert 1,5 gradersmålet litt meir uoppnåeleg. Ifølgje dei siste framskrivingane frå FN så ligg verda per i dag an til å verte 2,7 grader varmare, samanlikna med førindustrielt nivå.

– Det viser at handlinga frå verdsleiarane ikkje er god nok, konstaterer Serreli.

På årets COP26 i Glasgow heng ei oppmoding til verdsleiarane som går i korridorane:«Hurry up please it’s time». Foto: AP Photo/Alberto Pezzali

Samstundes går ho inn i årets klimatoppmøtet litt meir optimistisk enn før. Ho merkar at noko har endra seg sidan ho først deltok.

– Det er ein enorm forskjell i mediemerksemda og i samfunnet generelt, seier ho.

For første gong har COP-arrangørane invitert unge frå kvart land til å gje sine innspel, noko som føregjekk i Milano i haust:

– Det var ein heilt unik arena for unge til å uttrykke sine bekymringar og stille spørsmål til leiarane. Eg veit ikkje om det er naivt å tru, for politikarar er jo gode til å snakke, men det verka som dei uttrykte ei faktisk bekymring for klimaendringane og eit medvite om at noko  gjerast.

– Det er ikkje usemje lenger om at dette er ei krise vi må løyse, og eg håpar dei leverer på det. Det er viktig at løfter ikkje berre er tomme ord, men vert følgde opp med planar.

Eldprøven finn stad no, på klimatoppmøtet i Glasgow.

Politisk spel og ekte konsekvensar

Frå tidlegare mellomforhandlingar og klimatoppmøte, er det særleg to augeblikk som har brent seg fast i minnet til Serreli.

Det eine er frå eit møte kor deltakarlanda diskuterte om dei kunne stille seg bak IPCC-rapporten som synte kor omfattande konsekvensar ei oppvarming på to grader vil ha, samanlikna med 1,5 grader.

Medan ein øystat-delegat trygla om at rapporten måtte verte anerkjend, for det handla om kor vidt befolkninga kunne overleve, slakta meir velståande land i nord rapporten, fortel Serreli.

Kontrasten mellom det politiske spelet og at det faktisk handlar om liv og død for enkelte var så sterk, seier 25-åringen.

I 2019 under COP25 i Madrid var det fleire demonstrasjonar utanfor klimatoppmøtet. Biletet er frå ein demonstrasjon med over 100 aktivistar, leia av urfolk frå Latin-Amerika og Nord-Amerika. Foto: AP Photo/Bernat Armangue)

Etter toppmøtet i Madrid i 2019 var Serreli ein av sivilsamfunnsdelegatane som deltok i ein spontan demonstrasjon, skuffa over at det mangla politisk vilje til endring.

– Vi vart kasta ut av bygget av vakter, så vi stilte oss i ring rundt urfolksrepresentantar som ein etter ein fortalde kva dei hadde på hjartet. Korleis dei vart systematisk diskriminerte, korleis aktivistar vart drepne og land teke frå dei, fortel 25-åringen.

– Utanfor var det så reelt, det var menneske som kjenner det på kroppen. Samstundes sat verdsleiarane innanfor veggane og synte inga vilje til endring.

1,5 grader og 100 milliardar

Om Ane Aurora Skjøberg Serreli skal oppsummere drøymeutfallet sitt frå klimatoppmøtet, er det to saker som peikar seg ut.

Den første hadde fått overskrifta: «Land er samde om at dei skal nå 1,5 gradersmålet – noko anna er uakseptabelt».

– Mange tenkjer at ei halv grad ikkje har så mykje å seie, men IPCC-rapporten har synt korleis det vil påverke korallrev, isen i Arktisk, tørke og havnivå. Forskjellen på kor mange menneske som vert råka er veldig stor, seier Serreli.

Samstundes håpar ho at dei rike landa innfrir løftet sitt om å gje 100 milliardar dollar i året i klimabistand til sårbare land innan 2020. Milliardane vart lova i 2009, men til no har ingen sett ei krone.

– Om eg får ei rekning frå Lånekassen i posten og ikkje betalar den, så får eg purring og renter i tillegg, men slikt har ikkje dei rike landa i mente, seier ein oppgitt Serreli.

– Dei må betale det dei skal.


Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no