Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

(Alle tekstane er omsett frå engelsk og henta med velvilje frå Climate Illustrated)

Ta vare på moder jord

Skrive av: Snekha (20) frå India.
Illustrert av: Amelia Brooks @amelia__brooks

Illustrert av: Amelia Brooks @amelia__brooks

Eg har alltid ynskt meg ei framtid fylt av gode minne og ei verd fylt av behagelege lydar frå naturens yrande liv. Då eg var ung, levde eg i ei verd som øydela naturen, som for meg er heilag. Eg drøymde om ei framtid fylt av glede, der naturen gav menneske håp.

Eg er på ein stad full av tre og kjenner lukta av jord. Songen til fuglane blandar seg med musikken frå vatnet. Songen til naturen gjer at eg føler meg opplyst, fødd som eit barn av moder jord. Eg er opplyst. Eg dansar. Livet mitt er ein del av naturen.

Vi menneske pleidde å leve eit moderne liv som gjekk så altfor fort: hurtigmat, raske bilar, fly som kryssa kontinenta. Før byen min vart endra og utvikla, var han ei trygg hamn for menneske, fuglar, tre og natur. Me hadde eit håp om å redde naturen, for ingenting er så deilig som å vere knytt til jord, vatn og luft, og nyte det vi sjølv haustar. Vi klarte å bringe tilbake moder jord sitt utrulege mangfald og beskytte miljøet vårt. Menneskeslekta har lagt frå seg grådigheita si.

Liva våre er no i harmoni med naturen, og folk finn glede i naturens mangfald. Vi haustar frå trea, nyt kvar augneblink. Reint, klårt vatn strøymer fritt, vi pustar inn frisk luft, og ein mild bris stryk gjennom håret. Eg strekkjer hendene i vêret og dansar. Ei enorm glede ventar oss.


reGeneration

Skrive av: Sydney Whiting (18) frå Lethbridge, Canada
Illustrert av: Luise Hesse @lufie.nesse

Illustrasjon: Luise Hesse @lufie.nesse

Som ei aldrande bestemor bestemde eg meg endeleg for å flytte heim til Alberta. No ser eg likskapar mellom synet mitt på verda då eg var tenåring og ideane til barnebarnet mitt. Kvar generasjon stig fram som utrøyttelege agentar for endring. Kampen vår kan vere forskjellig, men kjernen er alltid å bevare menneskeverdet.

Mykje har endra seg sidan vi protesterte i gatene. I Alberta har den politiske polariseringa over utnytting av naturressursar og grådigheit stansa. No anerkjenner alle at ein leveleg planet verken er ei politisk eller økonomisk sak – det er ein menneskerett.

Eg fortel barnebarnet mitt historier om skogbrannar og storm, overfløymingar – katastrofar som kosta oss så mykje. Det står i sterk kontrast til verda vi lever i no, ei verd der leiarar anerkjenner at global rettferd er eit resultat av økonomisk og sosial likskap.

Eg kom heim til ein by som omfamnar sanning og forsoning, i staden for å la rasisme øydeleggje fellesskapa våre. Alberta er no ein by som prioriterer ein mangfaldig, sirkulær økonomi, naturvern, og empati. Vi er eit samfunn der ulike generasjonar går saman for å skape håp.

Då eg var ein ung aktivist, ein gong for lenge sidan, lærte eg at unge, vaksne og gamle kan jobbe saman. Eg fortel barnebarnet mitt om viktigheita av samarbeid, at vi kan lære av kvarandre. No har ho moglegheita til å føre den tradisjonen vidare.

Sjølv om det har vore vanskelege kampar, har eg ikkje noko ønske om å endre fortida. Du ser, stå på-vilje er den beste strategien i usikre tider. Samarbeid og lidenskap kjem når vi kjempar for eit felles mål. Det var stå på-viljen som fekk oss gjennom koronapandemien, og det er den same stå på-viljen som driv barnebarnet mitt i dag i kampen for sosial rettferd.

Eg er stolt av ho. Eg er stolt av oss. Stå på.


Framtida er Ubuntu

Skrive av: Shelot Masithi (22) Polokwane, Sør-Afrika
Illustrert av: Stefanie Bendfeldt @nordicworker 

Under koronapandemien blei eg deprimert. Ingenting var verdt noko lenger. Eg følte at eg var ferdig med livet. Men midt i mi håpløyse og min angst starta eg ein podkast. Podkasten gav meg ei stemme og ei kjensle av at eg kunne utrette ein forskjell.

Mange ungdommar tok kontakt med meg ettersom fleire og fleire innsåg at klimaendringane er ei sak som hastar. Men eg mista òg kontakten med vennar og familie fordi eg stod opp for det eg trur på, som er Ubuntu-miljøvern.

Ubuntu er ein urfolksfilosofi frå Sør-Afrika som handlar om meiningsfylt samhald. Ubuntu umntu ngabantu tyder «Eg er, fordi vi er» og viser til at alle menneske og alt liv er knytt saman. Ubuntu er samhald, kjærleik og godheit. Det er ein filosofi som gir oss ei moralsk forplikting til å ta vare på kvarandre.

Miljøvern basert på Ubuntu skapte ei rørsle av ein ny generasjon med leiarar som kjempa saman for klimarettferd. Det var Ubuntu som førte nasjonane saman for å nedkjempe koronapandemien og klimakrisa. Ubuntu-filosofien tok oss dit vi er i dag, og eg held fram med å leve etter hans prinsipp. 

Det er vakkert og fredfylt her. Menneska lever i tråd med Ubuntu. Det er så ufatteleg vakkert å sjå barna smile og oppleve kjærleiken som fyller verda. Det er ikkje lenger konflikt over ressursar. Eg engasjerte meg for å få slutt på grønvaskinga som tok verda i feil retning, og eg er stolt over at vi vann den kampen.

Eg ser ut vindauget der trea dannar eit vakkert dikt, og blomane ein behageleg song. Fuglane kvitrar, og skyene smiler. Jorda er grøn igjen. Dette er framtida eg har kjempa for. Aldri meir skal menneska kjempe mot naturen for å mate sin grådigheit.


Motgangens frukt

Abigail Lotoala (24) fra Funafuti, Tuvalu
Illustrasjon:
 Irina Iruksson @iruksson 

Det var ei overveldande oppleving å jobbe for ei rettferdig gjenoppbygging etter korona-pandemien. Millionar av menneske mista livet i pandemien, inkludert nokre av mine næraste. Eg måtte stå på avstand og sjå mine kjære bli senka i jorda. Eg sørga over at eg ikkje kunne vere der og ta farvel med dei. Eg angra på at eg ikkje hadde brukt meir tid med familien min før pandemien.

Eg lærte verdien av familien og vennene mine, for dei var alltid der for meg når eg trong støtte under pandemien, sjølv om vi berre kunne møtast digitalt. Bedriftar og skuler vart tvungne til å stenge, folk mista  jobben og kom i økonomiske vanskar – fattigdommen auka. Eg kunne ikkje gjere ferdig utdanninga min på den måten eg ønska, og det var veldig frustrerande. 

Men seinare gjekk det opp for meg at samstundes som alle desse tinga skjedde, fekk moder jord eit pusterom. Sidan kommersiell aktivitet stoppa opp, var det mindre forureining og utnytting av naturressursane, og det fekk meg til å sjå pandemien frå eit anna perspektiv.

Eg føler meg skamfull når eg seier dette, men pandemien hjelpte planeten å legast over tid. No er det overflod av ressursar, og menneskeslekta lever berekraftig fordi vi innser naturens verdi.

I dag har vi teknologi i alle verdas byar som gjer at alt kan resirkulerast, og det har skjedd store politiske endringar. Eg er glad for at menneskeslekta har endra seg til det betre, og at vi har sikra framtida på planeten vår. Vi syner takksemd ovanfor naturen og jobbar saman for ei grøn framtid.


Pachamama

Josefina Beletti (she/her), 16, San Felipe, Chile
Illustrert av
Carolina Altavilla @caroaltavilla

Verdiane til våre formødrer lever vidare i oss. Endeleg, vi klarte det. Alt vi kjempa for vart verkeleg. Pachamama (gudinna av moder jord, tilbeden av urforlet i Andesfjella) lærte oss godt opp. Dei enkle, men livsviktige, verdiane som formødrene gav oss, vart gløymde for eit augeblikk i fortida vår. Heldigvis vann vi att respekten for desse verdiane i tide til å byggje ein ny, meir miljømedviten sivilisasjon.

Men å leve i Pachamama er ingen enkel ting. Jordskjelv og tsunamiar rammar framleis sjølv om vi ikkje opplever dei på same måte som før. Vi aksepterer at naturen er uføreseieleg, og vi har laga reglar som skal sikre liv og helse. Vi takkar Pachamama uansett. Ho tek, men først og fremst så er ho den som gjev oss alt. Sjølve universet ville ikkje eksistert om det ikkje var for ho.

Pachamama er overalt rundt oss. Eg ser Juncal-isbreen, som representerer viljestyrke og visdom. El verro de la virgen (Jomfrua sitt fjell) uttrykker respekt og godheit for alt liv. El desierto de Atacama (Atacamaørkenen) viser seg som ein skjønnheit av stille og harmoni. El pingüino de Humboldt (Humboldt-pinvinen) symboliserer glede, ærlegdom og vennskap. Alstroemeria (peruviansk lilje) har alltid vore min favorittblomst. Då eg prøvde å plukke ein og rive den vekk frå sitt naturlege haitat, lærte den meg toleranse. Las ballenas azules (blåkval), desse enorme og herlege kjempene, personifiserer fridom. Om du lytter nøye, kan du alltid høyre dei synge om livets mysterium, noko som er verd å lytte til. 

Pachamama er alt dette. Ho minner oss alltid om at vi må leve etter dei vakre verdiane som ho har gjeve oss.


Vår draum er no røyndom

Naima Mohamed (25) fra Nairobi, Kenya
Illustrasjon: 
Orvokki @mielenkuvia

Eg begynner kvar dag med ein sunn økologisk frukost som er produsert lokalt. At jordbruk er økologisk og berekraftig, fritt for sprøytemiddel som øydelegg økosystema. Eg fortærer siste rest av måltidet utan å bekymre meg for at det eg et er helsefarleg.

Eg kjenner meg sterk, sunn og klar for ein ny dag. På min daglege spasertur nyt eg sola. Vêret er perfekt. Nabolaget er fritt for søppel og grønare enn før: Tre har vorte planta utanfor kvar einaste bygning, og det gjer at byen er kjøligare enn den har vore på mange år. Vi har prioritert lokale tre og frukttre for å betre mattryggleiken i byen. Lufta er frisk og fri for forureining.

Byen kjennest som ein jungel no. Den er eit nydeleg syn kor du høyrer fuglane og løvet som raslar i vinden. Eg kjenner ei djup lukke og begeistring. Verda er full av godheit, kjærleik og medkjensle. Det finst ikkje hat, svolt, arbeidsløyse og krig.

Eg er skribent og skriv artiklar som oppfordrar folk til å leve i harmoni med naturen. Eg er i stand til å bidra til fellesskapet på ein måte som eg ikkje ante var mogeleg. Eg jobbar med barna i nabolaget mitt for å gjere verda grønare, reinare og trygg for alle. Vi plantar frukttre på skulen og i nabolaget. Vi ryddar gatene med stor ansvarskjensle.

Styresmaktene jobbar med nabolaga for å oppgradere uformelle busetnadar i utkanten av byen. Slummen er vekke, og alle som bur ved elvebredden har fått sine hus utbetra eller ein ny heim. Nairobielva har vorte rehabilitert og alle jobbar saman for å ta vare på den.

Det er ei sterk kjensle av samhald kor alle, på tvers av kjønn, legning, religion, farge, rase og alle formar for identitet, er elska og velkomne. Mi verd er som den skal vere: full av kjærleik, godheit og omsorg.


Eit inkluderande ungarsk samfunn

 Lili Aschenbrenner (17) fra Budapest, Ungarn
Illustrasjon: Ashley Quay @thewildquay 

Samfunnet i Ungarn har endra seg dramatisk etter koronapandemien. Den politiske endringa har ført til at vi no kan stole på styresmaktene. Eit rigid system sørgjer for openheit i alle politiske avgjerder. Folket vert ikkje lenger ignorert. No vert avgjerder tekne i folkemøter som vert organiserte lokalt.

Som eit resultat av arbeidet til Fridays for Future og liknande rørsler, jobbar vi no for å vareta så mange naturlege områder som mogeleg og rette opp i naturøydeleggingane ved å restaurere skogar, innsjøar og elvar. Det er ikkje lenger ulovleg å bygge vindmøller, og solenergi er billegare. Vi er ikkje lenger avhengige av fossil energi, og brukar berre fornybar energi. Arbeidarane som jobba i forureinande industriar har fått nye grøne jobbar. CO2-avgifta har vorte innført. 

Vi handla i fellesskap og slik fekk vi alt dette til å skje. Minimumslønna auka. Heimlause fekk støtte, jobbar og ein stad å bu. Utdanningssystemet er annleis: det set søkjelys på heilskapen og samanhengar, og set ikkje umogelege forventingar til elevar og studentar. Folk tek eit oppgjer med sine rasistiske haldningar og flyttar seg vekk frå verdssynet som vart etablert under kolonitida. Du treng ikkje gå på ein privatskule for å få ei bra utdanning. Universiteta er tilgjengelege og gratis for alle.

Eg føler meg ikkje lenger uønska her. Det er lovleg for skeive å gifte seg, og LHBTQ+par kan adoptere barn. Eg kan gå hand i hand med partnaren min utan å verte utsett for hatkriminalitet. Kjønnet mitt er anerkjent i dokumenta mine. Eg er ikkje redd for at det plutseleg dukkar opp lover som forbyr min eksistens. Folk aksepterer meg, noko som verka umogeleg berre for eit par tiår sidan.

Arbeidet held fram. Vi jobbar for eit rettferdig samfunn.


Kaffi med fru Davis

Summer Libelle M. Espiritu (16) Baguio City, Filippinene.
Illustrasjon: Tara Clayton @_taradactyl

Eg opna døra og strekte ut hendene for å føle sol og varme. Ein kjøleg bris bidreg til eit behageleg klima.

Filippinane pleidde å verte kalla Tyfonen sin heim. Du kunne høyre ropa og jamringa til folk som vart ramma av storm og vulkanens krefter – katastrofe etter katastrofe. Det er ikkje det eg høyrer i dag. Eg har ikkje sett ein katastrofe på lenge. Ting har endra seg. 

Eg trør ut i gata og fyller lungene med frisk luft. Eg har hugsa nøklane, lommeboka, munnbind – nei, søren, «eg gløymde munnbind» sa eg høgt til meg sjølv og skulle til å springe inn att, men ei stemme stoppa meg: «Vi treng ikkje munnbind lenger, kjære». Andpusten snudde eg meg for å sjå kven som hadde avbrote tankerekka mi. Der stod naboen min, fru Davis. Ho flytta inn i leilegheita rett over mi i 2020. «Pandemien er over, slapp av», sa ho smilande. Alle dei skarpe trekka i ansiktet hennar mildna. 

Eg var så vand til å bruke munnbind. Pandemien hadde vart så lenge. Kroppen og hjernen min oppførte seg framleis som om vi var midt i ein pandemi. Fru Davis sende meg eit bekymra, men varmt, blikk. «Vil du kome inn og ta ein kopp kaffi?», spurte ho. Det var lenge sidan eg hadde teke ein kaffi med nokon. Det var lenge sidan eg hadde gjort noko som helst, faktisk.

Eg hadde gjort alt åleine heilt sidan pandemien begynte, og det hadde ikkje gått opp for meg endå at no som pandemien var over, så trong eg ikkje vere åleine lenger. 

Vi sette oss, og eg lytta til fru Davis sine historier. Eg hadde aldri sett ho utan munnbind før. Ho hadde eit nydeleg smil og huda hennar minna om honning i sollyset. «Du er nydeleg,» datt det ut av meg, men ho berre smilte. Eg kjente allereie dei snille augo hennar, men smilet hennar var nok til å gjere meg lukkeleg for alltid. 

Det var ei anna type glede, noko nytt. Då ho la handa si på skuldra mi kjende eg noko eg ikkje hadde kjent på lenge – varmen frå eit anna menneske og medkjensla til ein venn. Eg var ikkje åleine lenger. 

Dette er den nye normalen: å sjå nydelege smil i fjeset til våre naboar og omgi oss med omtenksame venner. Eg føler ei lukke som aldri før – ei ny lukke. 


Ein morgon i rettferdig gjenoppbygging

Eliana Bernat (17) fra ​​Chicago, USA
Illustrasjon: Burcu Köleli @burcukoleli

Eg vaknar, sola skin inn gjennom vindauget og eg høyre fuglesong. Eg ser ut på ein klar himmel, som ikkje er grå av luftforureining eller full av røyk frå skogbrannar. Det grøne skiftet tok oss vekk frå fossilt brennstoff og over på fornybar energi. Vi treng ikkje bekymre oss for å uvitande puste inn giftstoff berre ved å leve våre vanlege liv. 

Eg går opp trappene til takhagen på toppen av bygninga vår. Før korona ramma oss var felleshagar ganske uvanleg. Dei få som fantest var som regel i kvite, rike nabolag. No har nesten kvar einaste bygning og nabolag ein felleshage. Sidan eg hadde litt erfaring med å dyrke mat, hjelpte eg til med å plante grønnsakene, medan andre hjelpte til med å snikre plantekasser og rigge til vatningssystem. 

Eg ser til tomatane, salaten, gulrøttene og urtene før eg tek med nokre grønnsaker ned til leilegheita for å lage frukost. Ettersom vi bygde opp samfunnet etter pandemien fekk vi ei større fellesskapskjensle og matsystema vart meir lokale. Vi er ikkje lenger avhengige av industrielt landbruk. Småbønder før støtte og mesteparten av maten vår kjem frå lokale garder. 

Etter frukost gjer eg meg klar for jobb. Eg står utanfor og ventar på bussen. Akkurat som bygningar og heimar er alle bussane elektriske som følgje av styresmaktene si investering i infrastruktur og rein, tilgjegneleg kollektivtransport. Eg treng berre vente eit par minutt før bussen kjem. Eg stig på og kjenner på ei djup kjensle av takksemd overfor alle som har jobba så hardt for å skape verda slik ho er i dag.


Marte Skaara står bak Climate Illustrated. Foto: Privat