Nye permanente fråværsreglar kan vere på plass neste haust

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skal jobbe så raskt eg kan, seier Brenna til NRK.

Ho understrekar overfor kanalen at det viktigaste er at ein får gode reglar for nærvær på skulen, som gjer at elevane møter opp, og at det er heilt klart for alle kva reglar som gjeld.

Les også: Studie: Fråværsgrensa har ført til meir fysisk nærvær blant elevane

Tonje Brenna (Ap), kunnskapsminister. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

Kanskje frå hausten av

– Ideelt sett klarer vi å ha nye fråværsreglar på plass frå hausten av. Men det er mange store prosessar som no går føre seg på skulefeltet, til dømes arbeidet med ny opplæringslov og andre ting, som gjer at eg ikkje er heilt sikker på at vi får det til.

Hurdalsplattforma slår regjeringa fast at dagens fråværsreglement skal forbetrast, slik at det blir mindre rigid og byråkratisk og meir rettferdig for elevane.

Les også: Elevar er misnøgde med at fråværsgrensa er tilbake

Høgt press på helsetenesta

Dagens reglement går ut på at elevar ikkje kan vere borte frå skulen i meir enn 10 prosent av undervisninga i eitt fag utan sjukmelding frå lege. Det har mellom anna ført til høgt press på helsetenesta, og nettopp av den grunn valde regjeringa torsdag å oppheve regelverket ut skuleåret.

No kan elevar som er over 18 år, skrive eigenmelding når dei er sjuke, medan dei som er under 18 år, kan levere melding frå foreldra.

– Det er jo ikkje ein fornuftig måte å løyse dette på, at det blir meir byråkrati og meir vanskeleg for elevane, og eit uforholdsmessig stort press på helsetenesta, seier kunnskapsministeren til NRK.

Les meiningsinnlegget om fråværsgrensa: «Det er andre som definitivt treng den legetimen meir»

Foto: Studiostocs/Colourbox.com, Privat. Kollasj: Framtida.no