Studie: Fråværsgrensa har ført til meir fysisk nærvær blant elevane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I rapporten «Fraværsgrensen i vidaregåande skule» har eit knippe forskarar studert fråværsgrensa gjennom tre skuleår. Blant funna er at det fysiske nærværet til elevane og karakterane har betra seg, men også ulemper som at ordninga blir praktisert ulikt av skulane, skriv Aftenposten.

Fråværsregelen inneber at ein ikkje kan ha meir enn 10 prosent fråvær for å få standpunktkarakter. Då koronapandemien kom, vart det likevel innført mellombels unntak frå regelen.

– Pandemien har gitt oss eit naturleg eksperiment, der fråværsgrensa vart sett på vent. Erfaringane kan bli viktige med tanke på ein kommande diskusjon om korleis ho bør vidareførast, seier Oslomet-forskar Jon Rogstad, som har vore med å lage rapporten.

Uvisst for hausten

Med skulesemesteret i haust på trappene, er det framleis uvisst om fråværsgrensa skal gjelde frå skulestart. Kunnskapsdepartementet opplyser til Aftenposten at ei avgjerd vil komme «snart». Rogstad meiner ein må diskutere kva for nivå fråværsgrensa bør liggje på.

– Hovudbiletet er at fråværsgrensa er bra for dei fleste. Men suksessen til fråværsgrensa må ikkje bli ei sovepute for politikarane, åtvarar forskaren.


Les også: Første kull med fråværsgrensa: «Både eg og andre var på skulen på dagar då vi skulle ha vore heime»

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen