Fråværsgrensa: «Det er andre som definitivt treng den legetimen meir»

Victoria Elisabeth Andal (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Når pandemien kom vart fråværsgrensa lagt på is, men no som samfunnet er tilbake til normalen er fråværsgrensa tilbake.

Det er openbert at ein skal halde seg heime viss ein har symptom, men korleis funkar det når ein har ein skule som ropar 10 prosent?

Eg er sjølv elev på Bodø Vidaregåande Skule, tek påbygg, og ser store konsekvensar.

Skvis mellom legekontoret og skulen

Eg sjølv hadde eit tilfelle der eg ikkje klarte å dra på skulen. Denne dagen hadde eg ekstrem hovudpine, var tett og hosta. Sidan fråværsgrensa er gjeninnført i skulesystemet, så måtte eg ringe legekontoret og bestille time.

Legekontora tek ikkje inn pasientar med symptom, skulen treng erklæring.

Eigenmelding vart nytta under pandemien for dei over 18 år, og det burde vert halde fram med endå lenger. Det er ikkje nødvendig at legekontora skal verte nedringde av elevar som har hoste, når det er andre som definitivt treng den legetimen meir.

Men slik er situasjonen i dag, noko som gjer det veldig vanskeleg for eleven og set lærarane i ein vanskeleg situasjon.

Pandemien er ikkje over

Dei fleste av oss elevar er fullvaksinerte, men det hindrar ikkje smitten. Vi treng eit system som funkar, slik at dei med symptom vert heime.

Elevar burde ikkje verte sette i den situasjonen at dei må bruke opp budsjettet sitt på legekontoret med symptom. For det er ikkje slik at når vi er heime frå skulen, er vi late og heller ønsker å sjå på Netflix. Nei, vi held oss heime for å ikkje gjere andre elevar og lærarar sjuke.

Dei aller fleste vil verte ferdige med vidaregåande, og kome seg i arbeid etter skulen.

Sjølv om Noreg er gjenopna, er ikkje pandemien over. Vi må nok leve med etterverknadane av pandemien ei stund til, dette er noko vi må lære å leve med.

Det burde ikkje vere elevar som må kjenne dette ekstra. Arbeidsplassar legg til rette for heimekontor mange plassar. Dette burde elevar få mogelegheita til.

Eg håpar at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) klarer å finne ei løysing som funkar for folk flest.


Har du noko på hjarta? Send tips eller meiningsinnlegg til tips @ framtida.no!


– Det å stille krav handlar om å oppriktig bry seg, seier Hassan Nawaz frå Oslo Unge Høgre om fråværsgrensa. Pressefoto