Elevar er misnøgde med at fråværsgrensa er tilbake

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.10.2021 19:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kjem til å ha ein del tilfelle der elevar lurer på er dei sjuke nok til å bli heime eller friske nok til å gå på skulen. Det kjem til å skape usikkerheit og vi kjem til å sjå meir smitte blant elevar, seier Jade Hauan, som er nestleiar i elevrådet på Gjøvik vidaregåande, til NRK.

– Litt meir byråkrati for elevane

Rektor Bjørn Matsson, ved Gjøvik vidaregåande seier fråværsgrensa har fungert bra hos dei. Han seier det er heilt naturleg å få fråværsgrensa tilbake, når skuledrifta er tilbake til normalen.

– Eg ser at slik situasjonen er no, med framleis oppmoding om å vere heime når vi føler oss sjuke, kan det skape litt meir byråkrati for elevane. Men den har fungert. Vi ønsker den med oss vidare i framtida, seier Matsson til rikskringkastaren.

Innført i 2016

Fråværsgrensa seier at elevane ikkje kan vere borte meir ein 10 prosent i eitt fag utan sjukmelding. Grensa var noko Høgre og regjeringa innførte i 2016.

Ifølgje partiet har det redusert fråvær i vidaregåande skule med 27 prosent. Dei ønsker å vidareføre regelen.

Det er framleis usikkert om kommande regjering kjem til å gjere noko med fråværsgrensa.

Les også: Første kull med fråværsgrensa: «Både eg og andre var på skulen på dagar då vi skulle ha vore heime»

Om ein ikkje lar seg sjølv ha ein dårleg dag, då kan det fort bli ei dårleg veke, skriv Linn Isabel Eielsen. Ho meiner regjeringa bør tenkje seg om før dei trykker «aktiver» på fråværsgrensa etter pandemien. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen