Hundrevis av kvinner har unngått kreft fordi dei fekk HPV-vaksinen som barn, ifølgje ny studie.
mm

For 13 år sidan byrja helsestyresmaktene i England å tilby jenter HPV-vaksine for å førebyggje mot livmorhalskreft.

No syner ein ny studie, publisert i The Lancet, at vaksinen har redda hundrevis av kvinner frå ein kreftdiagnose.

Det skriv The Guardian, som først omtalte saka.

87 prosent lågare kreftførekomst

Studien synte at førekomsten av livmorhalskreft blant kvinner som fekk vaksinen då dei var mellom 12 og 13 år gamle, og som i dag er i 20-åra, var 87 prosent lågare enn blant uvaksinerte.

Blant dei som fekk vaksinen då dei var 14-16 år gamle er kreftførekomsten redusert med 62 prosent, og 34 prosent blant dei som vart vaksinerte som 16-18-åringar.

Professor Peter Sasieni frå King’s College London er hovudforfattar av studien, og seier det er gjevande å sjå kor stor effekt vaksinen har hatt:

– Det har vore utruleg å sjå verknadane av HPV-vaksineringa, og no kan vi bevise at ho har hindra hundrevis av kvinner frå å utvikle kreft i England, seier han til The Guardian.

Har du teke HPV-vaksine?

Har du teke HPV-vaksine?

Ja! 💉11
Nei, men vil ta han.4
Nei, og vil ikkje heller. 0
Hugsar ikkje. 2
Svar totalt: 17

Tek livet av 300 000 kvart år

Professor Sasieni seier at om folk tek vaksinen og følgjer opp med livmorhalsprøver, så vil livmorhalskreft verte ein sjeldan sjukdom.

Globalt tek kreftforma livet av kring 300.000 kvinner, og ho er den fjerde mest vanlege krefttypen kvinner får.

Årleg får over 300 kvinner livmorhalskreft i Noreg, og dei fleste som får diagnosen er mellom 30 og 40 år. Samstundes syner tal frå Kreftregisteret at fleire unge får livmorhalskreft enn før.

I Noreg har jenter i 7. klasse fått tilbod om HPV-vaksine sidan 2009, og sidan 2018 har tilbodet vorte utvida til å også gjelde gutar. Ein internasjonal studie frå tidlegare i år synte at forskarar rekna med at livmorhalskreft vil vere tilnærma utrydda i Noreg innan 2039.


Sofia Brustad-Johnsen (24). Foto: Privat

LES OGSÅ

ANNONSE