Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 31.08.2022 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er #sjekkdeg?

I 2015 starta journalist Thea Steen, saman med Det nye og Kreftforeningen, #sjekkdeg-kampanjen etter at ho sjølv fekk livmorhalskreft. I 2016 døydde Steen av kreften, 26 år gamal.

Bodskapen er enkel: ring legen, ta livmorhalsprøve, unngå livmorhalskreft.

Sidan starten har det vore ein årleg kampanje i september, for å minne kvinner mellom 25-69 år på å ta celleprøve og få sjekka seg. Talet på kvinner som tar prøven har auka sidan 2015, ifølgje Kreftforeningen og i dag sjekkar 7 av 10 kvinner seg.

Men i 2020 er tala lågare, etter at koronakrisa gjore at Livmorhalsprogrammet slutta å sende ut påminning om å sjekke seg i nokre månadar. I tida mars til september har dimed 25.000 færre teke prøva samanlikna med i fjor.

For å delta i kampanjen kan du ta bestille legetime og ta livmorhalsprøva, oppmode kvinner du kjenner til å ta den og spreie ordet på sosiale medium.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av #sjekkdeg (@sjekkdeg)

HPV-viruset

HPV-infeksjon er vår vanlegaste seksuelt overførbare infeksjon.

Omlag 70 % av alle som er seksuelt aktive, får ein HPV-infeksjon. For dei fleste går infeksjonen over av seg sjølv, innan seks månadar til to år.

I nokre tilfelle blir infeksjonen kronisk, og desse kvinnene er i risiko for å utvikle alvorlege celleforandringar og i verste fall få livmorhalskreft.

Det er i praksis vanskeleg å beskytte seg godt mot at HPV blir overført seksuelt. Sjølv kondom gir avgrensa vern, fordi viruset også kan vera på huda rundt kjønnsorganet.

Dei fleste som er smitta veit ikkje sjølv at dei har har hatt det, fordi det normalt ikkje gir symptom.

For å kunne få livmorhalskreft, må ein ha HPV-infeksjon. Vanlegvis utviklar infeksjonen seg i løpet av 10-30 år, frå infeksjonstidspunktet til kreft oppstår.

Andre former for kreft som kan vera forårsaka av HPV: kreft i ytre kjønnsorgan og skjede hos kvinner, kreft i penis hos menn, kreft i svelg og endetarmskanalen for begge kjønn. Totalt for kvinner og menn kan rundt 600 krefttilfelle skuldast HPV.

Ein veit ikkje kvifor nokre får kreft av HPV-infeksjon medan andre ikkje får det.

Kjelde: fhi.no og nhi.no

Celleforandringar

Celleforandringar kan utvikle seg til kreft, men i dei fleste tilfelle vil det ikkje gjere det. Då vil det anten gå tilbake etter behandling, eller før behandling blir nødvendig.

Det er tre ulike grader av celleforandringar: langt frå å skape kreft (CIN 1), meir alvorleg (CIN 2), så alvorleg at det er stor risiko for å utvikle kreft utan behandling av celleforandringane (CIN 3).

HPV-vaksina reduserer risikoen for alle tre gradene av celleforandringar, men er mest effektiv for å forhindra det mest alvorlege (CIN 3).

Ei livmorhalsprøve kan vise om ein har lette eller alvorlege celleforandringar. Dersom ein har lette celleforandringar er det vanleg å sjekke igjen etter omlag eit halvt år. Ofte forsvinn det av det sjølv.

Er det alvorlege celleforandringar blir du vist til gynekolog, som undersøker meir grundig. Det skjer gjennom koloskopi (spesialkikkert) og vevsprøver, og av og til også utskraping av celler frå livmorhalsen.

Dersom vevsprøven viser alvorlege celleforandringar (ikkje kreft), må ein behandlast kirurgisk (konisering).

  • Omlag 10 000 kvinner får diagnosen lette celleforandringar i Noreg, i året.
  • Rundt 7 000 kvinner får alvorlege celleforandringar og må fjerne ein del av livmorhalsen.
  • Av alle livmorhalsprøver som blir analysert, viser 5-7 % celleforandringar som må følgast opp.

Kjelde: Kreftregisteret

Livmorhalskreft

Årleg får omlag 300 kvinner livmorhalskreft i Noreg, ifølgje Kreftregisteret.no. Omlag 70-80 dør av livmorhalskreft.

På verdsbasis er det den tredje største kreftforma som rammar kvinner, og det er den  vanlegaste kreftforma hos kvinner under 35 år.

Dei aller fleste tilfelle av livmorhalskreft kan førebyggast med gynekologisk undersøking og ein livmorhalsprøve. 

Symptom: Ureglemessige blødningar, blødning ved samleie, dråpar med blod når ein tissar eller vedvarandre smerter i underlivet. Etter kvart kan det konstant sive litt blod eller blodig utflod ut frå skjeden.

Stadium:  Det er fire ulike alvorsgrader av livmorhalskreft, og det er utifrå kor mykje kreften har spreidd seg. Kor alvorleg stadium ein er på, betyr mykje for kva behandling ein kan få.

Prognose: 9 av 10 som har oppdaga det i stadium I, lever etter fem år. I det mest alvorlege stadiumet IV, lever 1 av 10 etter fem år.

Behandling: I det aller tidlegaste stadiumet kan ein ofte behandla sjukdomen med eit lite inngrep, berre i livmorhalsen (konisering eller trachelectomi). Dette er særleg aktuelt om ein ynskjer å bevara moglegheita til å kunne få barn.

Er sjukdomen kome litt lengre, men framleis i stadium I, kan det bli nødvendig å fjerne heile livmora og lymfeknutane som ligg rundt. I tillegg kan det ofte vere aktuelt med strålebehandling og cellegift.

Konsekvensar: Konisering fører til litt auka risiko for seinabort og for tidleg fødsel.
Fjerning av livmora og strålebehandling, fører til infertilitet og at ein ikkje kan få barn sjølv.

Strålebehandling kan også føre til lymfødem, påvirke blære- og tarmfunksjonen og den naturlege elastisiteten og styrken i vaginalslimhinna.

Oppfølging: Oppfølging med nokre månadars mellomrom, i fem år etter behandling. Etter dette er det vanleg med årlege kontrollar.

Kjelde: Kreftregisteret

Korleis unngå smitte?

Det er vist at HPV-infeksjon på livmorhalsen skjer oftare hos kvinner som har hatt mange seksualpartnarar, og som ikkje har brukt kondom.

Likevel er den viktigaste og mest effektive førebygginga HPV-vaksine og å jamleg ta celleprøve.

Det skal berre ein seksualpartnar til for å bli smitta, og kondom vernar berre delvis.

HPV-vaksina

Sidan 1995 har alle kvinner i alderen 25 til 69 år fått tilbod om celleprøve frå livmorhalsen kvart tredje år.

I 2009 vart vaksinasjon mot HPV-infeksjon teke med i barnevaksinasjonsprogrammet, og no får alle jenter, og frå 2018 også gutar, tilbod om denne vaksinen i 7. klasse.

Vaksinen beskyttar mot HPV-typane 16 og 18, som står bak sju av ti tilfelle av livmorhalskreft. Den beskyttar ikkje mot kjønnsvorter som skuldast HPV-type 6 og 11 og som står bak 90 prosent av kjønnsvortene.

Frå november 2016 og ut 2018 fekk kvinner født i 1991 eller seinare tilbod om gratis HPV-vaksine.

Ynskjer ein vaksine utanom det oppsette vaksinasjonsprogrammet må sjølv betale for HPV-vaksine.

Kjelde: nhi.no

Celleprøve/Livmorhalsprøve

For å redusere risikoen for å utvikle livmorhalskreft, er det viktig med førebygging (HPV-vaksine) og jamnlege sjekkar. Det gjer ein ved å ta livmorhalsprøve, for å oppdage eventuelle celleforandringar.

Internasjonale studiar viser at kvinner som tek livmorhalsprøve regelmessig, kan redusere risikoen for å utvikle livmorhalskreft i løpet at livet med meir enn 80 prosent.

I Noreg reknar ein at det ville vore tre gonger så mange tilfelle av livmorhalskreft, dersom ein ikkje hadde livmorhals-screening.

Kva er det? Livmorhalsprøven er ei underlivsundersøking. Den tek nokre få minutt. det kan vere noko ubehageleg, men er sjeldan vondt. Ein tek prøver med spatel og børste, og skrapar ut overflateceller frå livmorhalsen.

Prøven vert så sendt til eit laboratorium, som sender resultatet tilbake til legen din, i tillegg til ein kopi til Kreftregisteret. Legen tek kontakt med deg for å gi deg resultatet.

Kva må eg tenke på? 

  • Ikkje ta livmorhalsprøven medan du har mensen.
  • Unngå helst samleie dei to siste dagane før celleprøven.
  • Ikkje bruk dette, dei to siste dagane før prøven:
    – tampongar eller fødselspreventivt skum
    – gelear
    – vaginale kremar eller vaginale medisinar
  • Sei får til helsepersonell om du føler deg usikker og ta eventuelt med deg ein støtteperson om du vil det.

Kven skal ta det? Livmorhalsprogrammet er laga av Kreftregisteret og Helsedirektoratet. Dei oppmodar alle kvinner mellom 25 og 69 år å ta livmorhalsprøve jamleg. Kvinner i alderen 25-33 år blir anbefalt å ta celleprøve kvart tredje år. Kvinner i alderen 34-69 år med negativ HPV-test kan vente i fem år til neste livmorhalsprøve.

Kor skal eg ta det? Bestill time hos fastlegen din eller hos gynekolog. Ver obs på at du som regel må ha tilvising frå fastlege om du vil til gynekolog, viss ikkje du gjer det på privat klinikk. Jordmødre kan også gjere det om ein går privat.

Kva kostar det? Hos fastlege er prisen omlag 350. Dersom ein går privat kan det vere større variasjon i pris.

Kor ofte? Det er anbefalt å ta ny prøve kvart tredje år. Om ein får symptom i mellomtida, er det viktig å ta kontakt med ein gong. Symptom kan vere ureglemessige blødningar, blødning ved samleie, dråpar med blod når ein tissar, vedvarandre smerter i underlivet, unormal/blodig utflod.

Du skal få påminning frå Livmorhalsprogrammet når det nærmar seg tid for ny prøve.

Kjelde: Kreftregisteret