Energidrikk, førstegongsteneste og skattelotteri – dette påverkar deg som ung i 2026

Du må vera 16 år for å kjøpa energidrikk, kan ikkje ha sidestilte sete i russebussen og har større sjanse for å koma inn i forsvaret. Her er lover og reglar som trer i kraft 1. januar.

NTB – Helle Høiness
Publisert

No blir det 16 års aldersgrense for kjøp av energidrikk. Aldersgrensa gjeld òg i kantiner, på automatar, på festivalar og på idrettsarrangement. Om ein kjøper på nettet, så skal alderen sjekkast før ein får utlevert vara.

Nokon har lurt på kva som skjer viss til dømes foreldre kjøper til eit bursdagsselskap eller har energidrikk heime.

Frå 1. januar må du vera 16 år gammal for å få kjøpe energidrikk. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Regelverket gjeld for verksemder som sel energidrikk og dekkjer ikkje det som er såkalla «aktivitet i privat øyemed», fortel seksjonssjef Marius Kallerud Beck som jobbar i seksjon for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet.

Mattilsynet kan ikkje følgja opp ein privatperson. Dette vil difor skilja seg frå til dømes sal av øl og vin, som det er forbode å gi vidare. Men å selja til dei under 16 år er ulovleg, og ein kan få bøter. Ifølgje forskrifta kan ein til og med risikera inntil eitt år i fengsel.

Skattelotteri og pensjon

Det såkalla skattelotteriet trer i kraft frå nyttår og skal lokka fleire ut i arbeidslivet. 100.000 tilfeldig utvalde personar fødde mellom 1991 og 2006 (18-25 år) har i ei forsøksordning fått skattekort med lågare skatt. Øvre grense er inntekt på 657.500 kroner i året. Då kan skatten reduserast med inntil 27.500 kroner.

– Om du er blant dei som er vorne trekte ut, kan du sjå korleis det påverkar skatten din på Skatteetatens nettsider, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

 

Det såkalla skattelotteriet trer i kraft frå 1. januar og skal lokke fleire ut i arbeidslivet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

I den andre enden av karrieren er det innført ei ny øvre aldersgrense. No kan tilsette i dei fleste yrke utsetja pensjonisttilværet og bli i jobben til ein fyller 72 år. Er du fastlege kan du til og med jobba til du er 80 år.

Russetid og førstegongsteneste

Alle på vidaregåande som ser fram til russetida, har nok fått med seg at det no blir forbode med sidevende sete og ståplassar i russebussane. Protestane var store frå russen mot dei nye reglane som gjeld frå 1. januar. Frå no må seta i bussane venda framover eller bakover.

– Norske vegar skal vera trygge å ferdast på, også for russen. No aukar me trafikktryggleiken i russebussane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Frå 1. januar blir det forbod mot sidevende sete og ståplassar i russebussar. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Når russetida er over, er det tid for mange å tenkja på førstegongsteneste.

I dag startar omtrent 15 prosent frå kvart årskull på førstegongsteneste, men denne andelen skal aukast til 25 prosent. Personar med ADHD og astma kan òg bli kalla inn. Forsvaret seier dei vil mjuka opp krava til helse og medisinske kvalifikasjonar. Dei nye reglane kjem på vårparten.

Nathalie Sætre-Brudevoll (20) har alltid sett føre seg å vere med i førstegongstenesta. Foto: Forsvaret