Fleire unge får livmorhalskreft

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I perioden 2000–2009 fekk i snitt 15 kvinner mellom 25 og 29 år livmorhalskreft årleg, går det fram av tal frå Kreftregisteret. I den neste tiårsperioden auka dette til 27 kvinner.

Leiar for forskingsavdelinga i Kreftregisteret, Mari Nygård, meiner vi har eit problem blant dei yngste.

– Dette likar eg ikkje. Eg likar ikkje at tala ikkje viser nedgang. Problemet er at det ikkje finst veldig gode testar for denne aldersgruppa av unge kvinner, seier Nygård til NRK.

Tredobling

I ein studie frå mars 2021 har forskarar frå blant anna Kreftregisteret funne at førekomsten av livmorhalskreft er nesten tredobla hos kvinner under 30 år, frå 1953 og fram til 2013.

Kvart år får rundt 350 kvinner livmorhalskreft her i landet, og dei fleste er mellom 30 og 40 år.

Noreg har gjennomført ei masseundersøking mot livmorhalskreft sidan 1995. Det kallast Livmorhalsprogrammet, og alle friske kvinner mellom 25–69 år blir oppfordra til å ta jamleg celleprøve frå livmorhalsen eller HPV-test.

Denne masseundersøkinga er estimert til å ha ein samfunnsøkonomisk kostnad på 730 millionar kroner årleg. Berekninga frå 2015 viser også at dei direkte utgiftene til staten utgjer 163 millionar kroner.


Sofia Brustad-Johnsen (24). Foto: Privat