Livmorhalskreft kan vere borte i 2039
Forskarar forventar at livmorhalskreft vil vere tilnærma utrydda i Noreg innan 2039.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kreftforma tek årleg livet av rundt 300.000 kvinner globalt, og dei som vert diagnostiserte har låg gjennomsnittsalder.
I ein ny, internasjonal studie reknar forskarar med at livmorhalskreft vil vere «tilnærma utrydda» eller «eliminert» i Noreg innan 2039, fortel NRK.
«Eliminert» er ordet som vert nytta når det dreier seg om færre ein fire tilfelle av sjukdommen i året.
Grunnen er eit vaksinasjonsprogram, og livmorhalsscreening av alle kvinner etter fylte 25 år. I Noreg har 7. klassejenter fått tilbod om HPV-vaksine sidan 2009. Gutar sidan 2018.
Hovudårsaka til at kvinner får livmorhalskreft er humant papillomavirus, betre kjent som HPV. Viruset er seksuelt overførbart, og kan førebyggjast ved å ta HPV-vaksinen, helst før du er seksuelt aktiv for første gong.
I snitt vert 400 kvinner i Noreg ramma av livmorhalskreft årleg. I 2019 tok sjukdommen 85 liv.
Les om Sofia (24) som ikkje fekk celleprøve – eitt år etter fekk ho kreftdiagnosen