Press: Skuffande budsjett for barn og unge
Skulehelsetenesta blir ikkje styrkt nok i regjeringa sitt statsbudsjett, meiner Press-leiaren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Press er skuffa over at budsjettet ikkje viser teikn til noka særleg satsing på barn og ungdom.
Det seier leiar i Press – Redd Barna Ungdom Lea Mariero i ei pressemelding i samband med at regjeringa tysdag la fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2022.
– Det burde vere barn og unge sin tur etter halvtanna år med nedstengingar som særleg ramma deira kvardag, held ho fram.
Etterlyser meir til skulehelsetenesta
Organisasjonen hadde håpa at det skulle bli løyvd meir pengar til skulehelsetenesta, som dei meiner er heilt grunnleggjande for å ta vare på den psykiske helsa til barn og unge.
I budsjettforslaget er det føreslått løyvd 15 millionar kroner til å etablere eit kompetansemiljø for helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Press-leiaren viser til at skulehelsetenesta i dag blir brukt av 32 prosent av elevane, men at mange ikkje har eit godt nok tilbod på skulen sin.
– Vi treng meir pengar til fag- og kompetanseutvikling og fleire helsesjukepleiarar for å skape ei teneste som faktisk møter barn og unge sine behov, og dei ulike utfordringane dei står overfor, seier Lea Mariero.
200 millionar til ung psykisk helse
Då forslaget til statsbudsjett for 2022 vart lagt fram tysdag, lova regjeringa 200 millionar kroner for å vareta barn og unge si psykiske helse.
Press synest det er eit godt tiltak, men etterlyser ein enda høgare sum, då ei meiner det er på tide at barn og unge får høgare prioritet.
– Barn og unge har lenge sagt at vi må ta tak i psykisk helse, og det er bra det blir sett av pengar til å forske på årsaker til at det har blitt verre. Vi vil følgje tett med på korleis dette blir utført i praksis, seier Mariero.
Mellom anna har regjeringa sett av 20 millionar kroner til å utvikle og prøve ut eit lågterskeltilbod for barn og unge med lettare psykiske plagar og byrjande rusproblem. Tilbodet har Helsedirektoratet fått i oppgåve å utforme.