Elevorganisasjonen: – Møkk lei av å vente på at skulen skal verte gratis

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er møkk lei av å vente på at skulen skal verte gratis, seier ein oppgitt Edvard Botterli Udnæs på telefon til Framtida.no og held fram: 

– I valkampen snakkar politikarane om at skulen er ein av dei viktigaste arenaane for å utjamne forskjellar, men dei prioriterer ikkje å gjere skulen gratis, noko vi veit utjamnar sosiale forskjellar og styrkar økonomien på lang sikt.

I førekant av dagens budsjettforslag hadde Elevorganisasjon-leiaren skrive ei ønskeliste han håpa vart innfridd, men når han bladde igjennom den fleire kilo tunge statsbudsjett-blekka vart han skuffa.

Utstyrstipendet vert heller ikkje i år fullfinansiert og bortebuarstipendet står på staden kvil.

Utstyr eller 50 meter veg?

I fleire år har Elevorganisasjonen teke til orde for høgare utstyrsstipend for elevar i vidaregåande skule.

– I dag må elevar betale tusenvis av eigne pengar for utstyr som er påkravd i opplæringa, som verneutstyr til byggfag eller knivsett til matfag, seier elevleiaren.

Ei kartlegging frå 2019 synte at elevane i snitt laut bruke meir pengar på utstyr enn det dei kunne få i støtte. Størst forskjell var der hjå elevar på idrettsfag, som i snitt brukte 16.473 kroner på utstyr, medan dei same året berre hadde rett på 3887 kroner i støtte

I dag ligg utstyrsstipenda på mellom 1000 kroner og rett over 4500 kroner årleg, avhengig av kva linje ein går på, men Elevorganisasjonen meiner staten bør ta heile rekninga for utstyr elevar er pålagde å kjøpe til utdanninga.

– For å setje dette litt i perspektiv: vi treng 114 millionar kroner for å gjere utstyrsfaglege midlar gratis. Det tilsvarar 50 meter på den nye E18, seier Botterli Udnæs. 

Han påpeiker at summen utgjer lommerusk i statsbudsjettet.

– Langt under fattigdomsgrensa

Elevleiaren meiner politikarane sviktar gratisprinsippet i skulen, òg ved å late bortebuarstipendet stå utan auke.

I dag kan elevar som flyttar heimanfrå for å gå på vidaregåande søkje om 4709 kroner i bortebuarstipend i månaden.

– Det er langt under fattigdomsgrensa, slår elevleiaren fast. 

Edvard Botterli Udnæs peikar på at Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) seier at ungdom mellom 14-17 år treng minst 6448 kroner i månaden, unnateke husleige.

– Bortebuarstipendet vil ikkje strekke til husleige i mange byar i Noreg i dag, og då er elevar avehngeige av å ta opp jobb eller at foreldrene dekker mellomlegget. Det har ikkje alle høve til, konstaterer Udnæs.

Han poengterer at staten skuldar elevar betre vilkår, når dei i tillegg har innført fritt skuleval, noko som kan føre til at elevar lyt flytte for skulegangen sin del.

– Eg er ordentleg skuffa i dag, og håpar at Hurdalskameratane om nokre veker kan gjere meg glad igjen, seier Udnæs og viser til regjeringskompanjongane Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

SV: – Tida for å lytte til elevane sin hovudkrav

Stortingspolitikar Freddy André Øvstegård (SV), som no vert medlem av utdanning- og forskingskomiteen, seier til Framtida.no at elevane hadde fortent gjennomslag etter halvtanna år med ein koronapandemi som har ført til store konsekvensar for utdanninga.

– Tida hadde verkeleg vore inne no for å lytte til elevane sine hovudkrav, og det vart ikkje gjort i dette budsjettet, noko som er veldig skuffande, seier Øvstegård.

Freddy André Øvstegård er stortingspolitikar for SV. 
Foto: Javad M.Parsa / NTB

Stortingsrepresentanten seier SV vil slåst for full dekning til utstyrsstipend og ein betydeleg auke i bortebuarstipendet, for at skulen skal verte gratis i røynda og ikkje berre som slagord i festtalar.

Han medgjev at han er spent på kva tilleggsproposisjon den nye regjeringa kjem til å legge fram. Arbeidarpartiet og Senterpartiet må nemleg ha støtte frå SV for å få gjennom sitt budsjett.  

– Vi vil vere ein tøff forhandlar eller eit tøft opposisjonsparti om dei ikkje leverer, slår Øvstegård fast. 

Oppdatering: Saka vart oppdatert med sitat frå Freddy André Øvstegård (SV), 12. oktober klokka 14.25.