Vi har ikkje råd til ein ny naturfiasko


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I 2010 forhandla verdas land fram ein naturavtale, delt inn i 20 mål. Aichi-måla, forhandla fram i Aichi i Japan, vart implementerte i 2011, og var gjeldande fram til 2020. Måla var ambisiøse, slik dei må vere for å realistisk kunne adressere alvorlegheitsgrada til naturkrisa vi er midt oppe i.

For vi er i ei alvorleg naturkrise. Samtidig som nyhenda om klimakrisa fyller det offentlege ordskiftet, er naturen i ei like stor krise – han får berre litt mindre merksemd. Dei to krisene skjer ikkje i eit vakuum. Dei forsterkar kvarandre gjensidig.

Nådde null mål

Tilbake til Aichi-måla. Kva var status i 2020, då måla skulle vere oppnådde? Internasjonalt nådde vi ganske nøyaktig null mål.

Ingen særskilde land kan skryte på seg å ha prestert betydeleg betre enn resten av verda, heller ikkje Noreg. Har du i det heile høyrt om Aichi-måla? Det er ikkje så rart om du ikkje har det. Aichi-måla har fått påfallande lite merksemd, og sjølv blant dei mest hardbarka klima- og miljøaktivistane eg kjenner er det mange som først nyleg har fått med seg noko om dei. Og som vi veit, lite merksemd betyr lite press for måloppnåing.

Aichi-måla gjekk ut i 2020. Nye naturforhandlingar, CBD COP 15, vart planlagde for 2020, for å forhandle fram eit Post-2020 Globalt biomangfaldsrammeverk – Post-2020 GBF. Dette nye rammeverket skal erstatte Aichi-måla, og setje den nye standarden for naturpolitikk.

Utsetjingar på utsetjingar

Som ved så mykje anna vart naturforhandlingane, som skulle gå føre seg i Kunming i Kina, utsette. Først éin gong. Så enda ein gong. Så vart det utsett enda meir, før det vart delt i to.

11.-15. oktober i år får vi del 1 av forhandlingane, i hybridformat. Tilsette ved dei ulike ambassadene i Kina får møte fysisk, medan resten av verda følgjer møtet digitalt – via YouTube. Dei reelle forhandlingane er planlagde fysisk neste vår.

Dess lengre arbeidet med eit nytt rammeverk for natur vert utsett, dess dårlegare tid får vi til å nå måla.

Oddsa er høge. Dess lengre arbeidet med eit nytt rammeverk for natur vert utsett, dess dårlegare tid får vi til å nå måla.

Klarer vi ikkje nå måla i Post-2020 GBF, går vi frå krise til katastrofe.

Men, før vi kan begynne arbeidet med å nå måla i Post-2020 GBF, er vi nøydde til å sikre at den nye naturavtalen blir ambisiøs, rettferdig og sterk nok til at han kan vere ei reell løysing til krisa. Det er mange motstridande interesser i prosessen, og mange utfordringar mellom oss og eit godt nok rammeverk.

Ansvarleggjering

Nøkkelordet er ansvarleggjering. Ei stor utfordring med Aichi-måla, var at dei hamna under radaren til offentlegheita. Medan avtalen i seg sjølv var ambisiøs og tydeleg, lykkast han ikkje i å setje natur på dagsorden. Det gjorde det enkelt å la han hamne langt nede på prioriteringslista.

Når avtalar manglar ansvarleggjering og press på implementering, er vegen vidare frå ratifisering fulle av gode intensjonar, men utan handlingskraft. Det viste Aichi-fiaskoen. Det kan vi ikkje la skje igjen med avtalen som skal forhandlast fram i løpet av det neste året.


Avskoging og tap av habitat trugar mange artar verda over. Foto: Colin Horn, Unsplash.com