Miljøorganisasjon fordømmer fossilbransjen si deltaking på klimatoppmøte
Spire-leiaren meiner fossillobbyen står i vegen for den enorme klimahandlinga vi treng.
– Fossillobbyen har ingenting her å gjere. Klimaforhandlingane skal ikkje vere ei businessplattform for falske løysingar som forseinkar omstillinga.

Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord meiner deltakarar frå fossilbransjen ikkje høyrer heime på klimatoppmøtet. Foto: Spire
Det seier Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord i ei pressemelding. Dei viser til tal frå koalisjonen Kick Big Polluters Out, som skriv at 1600 fossillobbyistar deltek på COP30, FN sitt klimatoppmøte som går føre seg i Belém i Brasil 10.-21. november. Ifølgje koalisjonen har Norge gitt akkreditering til 17 av desse lobbyistane, der seks av dei er toppar frå Equinor.
Det reagerer Spire på. Dei meiner deltakinga frå lobbyistar frå fossilindustrien trugar ambisjonane og tilliten til klimatoppmøtet.
– Det er heilt absurd. Oljeselskapa kan ikkje ha større påverknad på klimatoppmøtet enn dei som blir ramma hardast av klimakrisa. Fossillobbyen står i vegen for den enorme klimahandlinga vi treng for å nå 1,5-gradarsmålet, seier Erfjord.
Må vere i tråd med Parisavtalen
Det er færre deltakarar på COP i år enn under fjorårets klimatoppmøte i Aserbajdsjan. Der var det ifølgje The Guardian 1700 lobbyistar frå fossilindustrien samla. Men i år er 12 prosent fleire av deltakarane ein del av fossilbransjen.
Fossilbransjen har fleire delegatar enn dei ti landa som er mest sårbare for klimaendringar til saman. Dei har òg fleire deltakarar enn nokon statleg aktør, sett bort frå vertslandet Brasil.,
Dei ti mest sårbare landa for klimaendringar
- Tsjad
- Den Sentralafrikanske republikk
- Eritrea
- Sudan
- Guinea-Bissau
- DR. Kongo
- Kongo
- Afghanistan
- Bangladesh
- Burundi
Kjelde: ND-GAIN Country Index
Ikkje-statlege deltakarar blir oppmoda av FN til å oppgi kven som betalar for deltakinga deira på klimamøtet. Dei blir også oppmoda til å stadfeste at dei har dei same måla som COP og er einige med prinsippa i Kyoto-protokollen og Paris-avtalen.
I år er fyrste gong ikkje-statlege aktørar får desse oppmodingane.
Skal fremje klimateknologi
Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen sa i førre veke til E24 at den norske delegasjonen blant anna skal fokusere på klimateknologi, og at dei tek med seg aktørar frå næringslivet som kan fremje løysingar
– Det gir gode moglegheiter for å til dømes inngå avtaler, sa klimaministeren.
Equinor sin klimadirektør Hilde Røed informerte på eit Innovasjon Norge-møte at dei kom til å fokusere på karbonfangst og -lagring på klimatoppmøtet.
Spire meiner det ikkje er ein god nok grunn til å la Equinor delta.
– Karbonfangst og -lagring er ein farleg distraksjon frå dei reelle utsleppskutta vi trenger, og brukast som ei unnskyldning for å halde fram som før. Det er heilt verkelegheitsfjernt, seier Erfjord.







