Klimademonstrasjon framføre Stortinget: – Det kjem ein generasjon til
Miljøorganisasjonane stiller krav til den nye regjeringa om klimahandling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er første gong på ei stund at vi gjer noko saman med mange andre og at vi skrik litt.
16 år gamle Andrine Borbe synest det var godt å få møte opp saman med andre klimaengasjerte på demonstrasjonen framføre Stortinget fredag. Ho er medlem av Extinction Rebellion, som tidegare i haust hadde aksjonar rundt om kring i Oslo, men har sakna å skrike i ein felles klimademonstrasjon.
I dag runga parolar som «Kva vil vi ha? Klimahandling! Når vil vi ha det? No!» på Eidsvolls plass. Trass regn og ruskevêr, var det godt oppmøte utanfor Stortinget.
Borbe meiner det å møte opp på ein slik demonstrasjon kan gjere det enklare å takle klimaangst.
– Eg synest det bearbeider mykje dårlege kjensler rundt klima. Å få skrike og bruke seg sjølv.
- Les også intervjuet med Extinction Rebellion Ung: Dei har ikkje røysterett, men meiner klimasaka ikkje kan vente: – Me må gjera noko
Ikkje veldig optimistiske
I kjølvatnet av at SV trekte seg frå regjeringssonderingane stiller ei rekkje organisasjonar klimakrav til den komande Arbeidarparti-Senterparti-regjeringa. Dei unge krev mellom anna stopp i leitelisensar for olje og gass, og at vi kuttar 55 prosent av norske utslepp innan 2030.
Borbe håpar det vil ha effekt.
– Det hadde vore veldig fint, men eg synest det er skummelt å håpe for mykje også, for då blir ein jo skuffa.
Også Carl-Oscar Vik (18) var møtt opp frå Extinction Rebellion. Dei er i tillegg med i Natur og Ungdom og Raud Ungdom, og vonar Ap og Sp er villige til å høyre meir på klimapartia for å få ein radikal nok klimapolitikk.
– Det viktigaste er å markere oss og markere at regjeringa ikkje gjer ein god nok jobb, at dei ikkje held det dei lovar og at dei tar klimakrisa på alvor, rett og slett, seier dei.
Litt pessimist
– Eg er her i dag fordi eg synest det er veldig skuffande at SV ikkje fekk plass i sonderingane. Vi står midt i ei krise og det er heilt nødvendig at vi gjer det vi må gjere for å redde framtida vår.
Sunniva Johansen Haugene (21) sit i styret til Naturvernstudentane i Oslo. Ho synest det er skummelt å stå og sjå på at det ikkje blir gjort nok i klimakrisa.
– Eg håper vi blir tatt på alvor og at Ap og Sp kan høyre på oss og på krava våre og sikre at framtida vår blir redda, seier ho, og legg til at ho håpar at markeringa kan påverke regjeringa.
– Eg er kanskje litt pessimistisk, men eg håpar i alle fall at vi blir høyrde.
– Vi skal jo stemme etter kvart
13 år gamle Isak Gregers Eriksen sit i fylkesstyret for Viken Natur og Ungdom. Han deltok på markeringa for å minne Senterpartiet og Arbeidarpartiet på at dei må ta omsyn til framtida til unge.
– Eg trur det hjelper at dei blir litt minna på det iblant, at det kjem ein generasjon til.
– Korleis trur du barn og unge kan påverke dei vaksne politikarane?
– Vi skal jo stemme etter kvart vi også. Viss dei vil ha våre stemmer så kan det jo vere lurt å tenke litt på klima og miljø.
12 år gamle Vemund Niillas Aslaksen er òg medlem av Natur og ungdom og hadde møtt opp på demonstrasjonen framføre Stortinget. Han er mellom anna oppteken av at ein må ta vare på fjellet i Tana, og ikkje byggje det ut.
– Der planlegg dei å byggje vindmøller, og det vil eg ikkje ha noko av, seier han.
– SV fekk ikkje gjennomslag i regjeringssonderingane. Trur du at de som har møtt opp her i dag kan påverke?
– Eg håper vi kan påverke littegrann. Det påverkar jo meir å stå her i dag enn å ikkje gjere noko.