Elevorganisasjonen etterlyser høgare utstyrsstipend: – Det hastar
Regjeringa aukar utstyrsstipendet for elevar i den vidaregåande skulen. – Me treng meir for at det faktisk skal bli gratis å gå yrkesfag, seier elevleiar Alida D'Agostino.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For mange elevar har det vore for stor skilnad mellom utgiftene dei faktisk har og stipendet frå Lånekassen. No aukar vi stipendet med totalt 25 millionar kroner, slik at det skal vere betre samsvar mellom utgiftene elevane har til utstyr og stipendet.
Det seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding frå departementet.
Idrett på utstyrstoppen
Sidan 2007 har elevar i den vidaregåande skulen hatt moglegheit til å søkja Lånekassen om utstyrsstipend for å dekkje utstyrsutgifter til utdanning.
Kor mykje du får utbetalt er avhengig av kva linje du går på. Minstesummen er 1051 kroner. Mellomsummen er 2.326 kroner årleg. Medan elevar på idrettsfag, design og handverk og restaurant- og matfag får 3.887 kroner årleg.
Ein elev på bygg- og anleggsteknikk får i dag mellomsummen på 2.326 kroner årleg. Ifølgje Kunnskapsdepartementet inneber auken at ein elev på dette løpet får ytterlegare om lag 2000 kroner i året.
Elevorganisasjonen: – Det hastar
Elevorganisasjonen gler seg over både at det skal bli gratis å bli fagarbeidar og stipendauken til vidaregåandeelevar, men understrekar at det trengst meir.
På oppdrag for Utdanningsdirektoratet har konsulentfirmaet Rambøll rekna ut kor mykje ulike elevar brukar på utstyr årleg. Sjølv med stipendauken, brukar elevar i snitt meir enn det dei kan få i støtte. I snitt bruker ein elev på byggfag 5.898 kroner. Det er litt mindre enn snittet for elevar som studerer naturbruk, på 7.854 kroner.
På utstyrstoppen ligg idrettsfag med eit snitt på 16.473 kroner årleg.
– Me treng meir for at det faktisk skal bli gratis å gå yrkesfag, seier elevleiar Alida D’Agostino til Framtida.no.
– Desse 25 millionane er starten på ein opptrappingsplan, men når det i dag går elevar på skule som må punge ut store summar for å henge med i undervisninga, så betyr det at det hastar, understrekar ho.