Undertekstane i Squid Game leikar med oppfatninga di

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste tida har det dukka opp fleire diskusjonar om kvaliteten på undertekstane i den sørkoreanske Netflix-serien Squid Game.

TikTok-brukaren Youngmi Mayer, som snakkar både engelsk og koreansk, la ut ein video der ho peika på engelske omsettingar ho meinte var unøyaktige eller direkte feil.

Dette påverkar sjåaropplevinga, meinte ho, fordi den serien dei som ikkje kan koreansk får servert, er svært annleis enn serien koreanskspråklege ser.

@youngmimayer##squidgame translations are sooo wrong here’s a little example♬ original sound – youngmi

Ikkje alle er einige i kritikken, men likevel er diskusjonen interessant fordi han kastar lys over utfordringa med å omsetje godt nok.

Unøyaktige omsettingar er ikkje ei unik utfordring for sørkoreanske seriar og filmar. Utfordringa er lik uansett kva serie eller film vi ser når han er på eit språk vi ikkje beherskar og vi er avhengige av undertekstar for å forstå handlinga.

Språklege val styrer kva du opplever

Hin dagen var eg på kino med ei tysk venninne. Vi såg den nye James Bond-filmen, og plutseleg snudde ho seg mot meg i kinomørket:

– Veit du, det er første gong eg høyrer stemma til James Bond, utbraut ho.

På kinovisingar i Tyskland hadde ho nemleg høyrt stemma til Dietmar Wunder i staden for Daniel Craig fordi dei fleste framandspråklege filmar der blir dubba. Om Wunder har sagt det same som Craig heile tida, veit eg ikkje.

Dubbing eller undertekstar, omsettaren må framleis ta val når det gjeld kva ord han eller ho skal omsetje til.

Bilete frå Squid Game. Foto: Netflix

Raudt lys eller Hibiskusblomen har blømt?

Ta for eksempel den første leiken i Squid Game der deltakarane innser kva blodig alvor dei har signert under på. På engelsk er namnet på leiken omsett til «Green light, red light», og på bokmål «Rødt lys».

Men dukka seier noko litt anna på koreansk, nemleg 무궁화 꽃이 피었습니다 («Mugunghwa kkochi pieotseumnida»).

Direkte omsett til nynorsk betyr dette «Hibiskusblomen har blømt».

Sjølv om du ved å tru at leiken heiter raudt lys i Sør-Korea, fordi det er det underteksten fortel deg, og heller ikkje veit at hibiskus er nasjonalblomen i Sør-Korea, så forstår du leiken med ein gong og skjønner at deltakarane er ute om dei rører på seg når dukka snur seg.

Endå meir spennande hadde det kanskje vore om teksten var omsett til «ein, to, tre, raudt lys» eller noko anna som det faktisk tar litt tid å seie, for nedteljinga er jo eit viktig spenningsmoment i leiken.

Den koreanske setninga er altså ikkje direkte omsett, men omsettinga er truleg gjort med tanke på at dei som les undertekstane skal kjenne igjen leiken frå sin eigen kultur.

Undertekstar er òg med på å bevare språket det blir omsett til, slik som når NRK tekstar seriar på nynorsk.

Korleis kan ein omsette kulturelle konsept?

Den som omset undertekstar må ta mange val på kort tid. Eitt av vala er kva ord ein skal bruke når språket det skal omsettast frå har ord som er tett knytt opp mot kulturen språket blir brukt i.

Skulle ein gitt nok kontekst, måtte ein kanskje ha komme med forklaringar på at dette ordet blir brukt slik og slik i denne kulturen på grunn av dette og dette. Det rekk ein ikkje på få teikn. Derfor får ikkje norskspråklege sjåarar av Squid Game som ikkje kan koreansk eller har kjennskap til koreansk kultur, med seg nyansane av høflegheitsformene mellom karakterane.

Norsk har ikkje lenger eit tilsvarande språkleg hierarki

For eksempel bruker karakteren Ali Abdul tiltaleforma 사장님 («sajangnim») når han snakkar til Cho Sang-woo i begynninga av leikane.

På engelsk og bokmål er det omsett til «sir». Men når dei har blitt betre kjent, ber Sang-woo Ali om å kalle han 형 («hyeong»), etter at han har spurt han om alderen. På bokmål og engelsk er «hyeong» omsett med namnet til karakteren: «Så kall meg Sang-woo». Men Sang-woo ber ikkje Ali om å bruke namnet hans. Han ber han bruke ordet «hyeong», som betyr eldre bror og blir brukt av menn for å vise at dei har blitt venar.

Koreansk har fleire slike ord som markerer alder, status og kjønn. I Noreg, derimot, la vi vekk høflegheitsforma «De» og begynte å vere dus i alle samanhengar på 1970-talet, så norsk har ikkje lenger eit tilsvarande språkleg hierarki.

Seriar og andre kulturuttrykk endrar språket vårt

Sjølv om «hyeong» ikkje finst i den norske ordboka i dag, kan dette endre seg i framtida. Populariteten til Squid Game og andre K-drama fører nemleg til språklege endringar.

Oxford English Dictionary annonserte nyleg at dei har tatt inn 26 nye ord i ordboka – og alle kjem opphavleg frå koreansk.

Kvifor er ord som hanbok, mukbang og oppa no ein del av det engelske språket? Jo, fordi engelske språkbrukarar på grunn av blant anna K-beauty, K-pop og K-drama har større behov for å bruke dei. Og truleg er situasjonen lik i fleire land som den koreanske bølga skyl gjennom, deriblant Noreg.

Viktig å diskutere kvalitet

Det er bra at vi har undertekstar – det opnar opp ei verd for oss av ulike språk og gir oss moglegheit til å lære. Har vi ikkje undertekstar, har vi eigentleg berre tre alternativ: å ikkje sjå filmar og seriar på språk vi ikkje kan, å sjå dubba filmar og seriar på språk vi ikkje kan, eller å lære oss språka i filmane og seriane vi ser.

Blir filmane og seriane dubba, mister vi sjansen til å lære litt av språket mens vi lar oss underhalde. Eg held derfor ein knapp på undertekstar, i kombinasjon med å lære språk.

Samtidig er det viktig å diskutere kvaliteten på undertekstar fordi dei har stor makt i korleis vi oppfattar karakter og handling. Og viss du ser noko du meiner er ei dårleg omsetting, kan du bli både irritert og glad.

Irritert, fordi det er viktig med god kvalitet. Glad, fordi det er eit bevis på at du har lært litt av språket.


The Chicago Seven-tiltalte held ein pressekonferanse under rettssaka der dei var tiltalt for å konspirera til opptøyer under demokratane sitt landsmøte i Chicago 1968. Øvst frå venstre: yippie Abbie Hoffman (31), kjemikar John Froines (29), doktorkandidat Lee Weiner (29), pasifist og militærnektar Dave Dellinger (53), leiar for Students for a Democratic Society (SDS) Rennie Davis (27) og medgrunleggjar Tom Hayden (28). Foran sit ein av yippie-grunleggjarane Jerry Rubin (30), saman med kjærasten Nancy Kurshan, som ikkje var ein del av retssaka. (AP Photo)