Bli betre kjent med sjangeren og rolla den spelar i forhandlingane om fred.
Synne Ulltang
Synne Ulltang

Kva musikk dansa du til i helga? Tal frå strøymetenestene viser at menneske over heile verda har dansa til rytmane av det nyaste albumet til BTS. Så populære er gruppa, at musikkvideoen «IDOL» på laurdag vart den mest strøyma musikkvideoen innan eitt døgn på YouTube. Nokon gong. Taylor Swift har trona øvst i eitt år då musikkvideoen «Look What You Made Me Do» vart vist 43, 2 millionar gonger i løpet av eitt døgn. Den rekorden slo BTS i helga, då «IDOL» nådde 56,2 millionar visningar. På eitt døgn. Du har ikkje høyrt om BTS? Frykt ikkje, etter å ha lese denne artikkelen kjem du til å stå litt stødigare på dine popkulturelle bein.

Om du trudde sørkoreansk popmusikk var eit blaff frå PSY med hans «Gangnam Style» i 2012, tru om att. Stadig fleire høyrer på musikk frå landet som har blitt kalla både «eremittkongedøme» og «morgonstillas land». No er populariteten til musikken frå Sør-Korea i ferd med å gjere landet til ei kulturell supermakt. Men kvifor regjerer K-pop musikkverda nett no?

Frå pansori til K-pop

For å finne forklaringa, må vi tilbake til tida då popmusikken vart til. På 1960-talet var Sør-Korea eit fattig land som prøvde å reise seg frå ein svært øydeleggande krig. I dag viser landet kraftige økonomiske musklar. Ein grunn til det, er ifølge Euny Hong, forfattaren av boka The Birth of Korean Cool: How One Nation is Conquering the World Through Pop Culture, at Sør-Korea satsa på «soft power».

Pressefoto

«Soft power» [frå no av døypt «mjuk makt» av artikkelforfattaren] handlar om korleis eit land kan oppnå noko ved å verke attråverdig for andre. USA og «den amerikanske draumen» er eit døme på eit land som nyttar mjuk makt. Vi drøymer om USA fordi vi ser filmar frå Hollywood og dansar til Michael Jackson sine songar. Det påverkar kva vi et og har på oss, og kor vi vil reise. Men i dag er verda eit tastetrykk unna, og draumane kan vere fleire, eller lenger vekke.

Ein sørkoreansk musikk-kritikar skal ha sagt at det K-popen er god til, er å selje ei vare. Slik har Sør-Korea, ved å investere i musikkindustrien, marknadsførst eit bilete av landet som ein attråverdig musikknasjon. Og denne mjuke makta imponerer stadig fleire, som ved å høyre musikken, ønsker å lære seg språket, kjøpe like produkt som dei ser i videoane, og reise til stadar der dei er filma. Kor koreansk K-popen er, kan diskuterast. Det er lite som minner om sprek tyggegummimusikk i den koreanske musikktradisjonen. I pansori, til dømes, framfører ei dame ei melankolsk songdrama saman med éin trommeslagar. K-popen, derimot, kan minne om frodige russelåtar med spektakulære, koordinerte danseshow og fargesprakande kostymer. Sør-Korea hadde lett vunne Melodi Grand Prix, for å seie det slik. Og for å få denne miksen av eksepsjonelt fengande og underhaldande musikk, har ein ikkje vore redd for å hente inn dyktige folk og bli inspirert. Musikken er påverka av mellom anna hiphop og EDM, og mange av songskrivarane kjem frå andre land. Som krona på verket jobbar dei sørkoreanske artistane ekstremt hardt for å oppnå framgang. Resultatet er ein suksessformel som har gitt Sør-Korea kulturell status i Asia.

Ein bitter lydkrig

I eitt land har denne musikken vore forbode. Etter Korea-krigen på femtitalet putta både Nord- og Sør-Korea opp gigantiske høgtalarar langs grensa i den demilitariserte sona. Der har dei spydd propaganda mot kvarandre. I seinare tid har Sør-Korea òg spela K-pop, slik som songen «Bang Bang Bang» av gruppa Big Bang. Men noko har endra seg. Det er stille langs den koreanske grensa i desse dagar. Det har det vore sidan 24. april i år. Opphøyret av støykrigen skjedde tre dagar før det første store møtet mellom leiarane av nord og sør. 2018 har så langt vore eit år for håp om eit framtidig felles Korea. Etter eit mildt sagt intenst fjorår med twittertruslar og uro, er det no tøvêr, og K-pop er med på å smelte isen.

Ein månad før høgtalarane stilna, stod K-pop-gruppa Red Velvet på scena i Nord-Korea sin hovudstad Pyongyang. Kim Jong-un var til stades i salen, og det var inga aprilspøk. Dette var songar frå same sjanger som sørkoreanske aktivistar har fylt på minnepinnar, og sendt med dronar over grensa nordover. Konserten, med tittelen «Spring Comes» var slåande symbolsk på korleis musikk kan bygge bru.

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane

Frå regional til global suksess

I dag er ikkje K-popen berre populær i Asia, men i heile verda. Dette har skjedd samtidig som den amerikanske draumen for mange har falma. Sør-Korea står klar til å ta over, og dei regjerande kongane av popkongedømet heiter BTS. Og om du ikkje har dansa til ei låt av Bangtan Boys endå, kjem du til å gjere det snart.

Den 28.mai skreiv den sørkoreanske presidenten, Moon Jae-in, følgande:

President Moon heidrar K-Pop-gruppa på Facebook.

 

Entusiasmen til presidenten demonstrerer kva posisjon K-pop har i heimlandet. Dei «skotsikre» artistane symboliserer håp om ein kulturell verdssuksess. Men håpet var på plass då PSY spreidde sin danseglede for seks år sidan, så kvifor vart det stille?

Først må noko avklarast, PSY var aldri heilt K-pop. Mange var overraska over at det var denne songen som klarte det umogelege, å slå gjennom på den vestlege musikkmarknaden. Musikkvideoen til «Gangnam Style» var den første YouTube-videoen som vart sett av ein milliard. Men PSY er ein svært atypisk K-pop-artist, og fleire av songane hans har blitt sensurerte grunna eksplisitt innhald. Til skilnad frå PSY, syng gjerne den typiske K-pop-artisten om ufarlege tema. Songane har generelt ein positiv bodskap, og endorfin-nivået til lyttaren aukar betrakteleg etter eit paar minutt dansing . Men K-pop er først og fremst ein særs visuell sjanger. Mens musikkvideoen låg daud i Europa og USA, og MTV viste reality-seriar i staden for hitlister, visste K-popen å utnytte potensialet til musikkvideoen. Sjå berre på lista over dei tjue mest spelte videoane innan eitt døgn på YouTube. Heile fem av songane er K-Pop.

Men etter PSY har det vore lite koreansk song på internasjonale hitlister. Inntil i år. 2018 har vore eit sensasjonelt bra år for BTS, som har utvida K-pop-sjangeren endå ein gong, slik at han no er klar til å bli omfamna av heile verda.

Høgdepunktet til BTS var i mai, då dei som første K-popgruppe sikra seg førsteplassen på Billboard 200. Og forhåpningane er store for det utvida albumet dei slapp no i august Love Yourself: Answer. I den siste musikkvideoen dei slapp, «IDOL», dansar dei sju artistane til sørafrikanske rytmar og koreanske trommer, i klede inspirert av den koreanske nasjonaldrakta, med bleika hår, farga linser og augeskugge medan dei syng på både engelsk og koreansk. Det heile blir avslutta med eit dansenummer som tatt ut av ein Bollywood-film. K-pop no er mindre regional og meir global enn den nokon gong har vore før. Ved å nå toppen av hitlistene famnar sjangeren stadig breiare, både i innhald og i popularitet. Og i ein verdsfemnande musikkmarknad kjem BTS med ei positiv og optimistisk oppmoding om å elske seg sjølv. Så klisjé, men så viktig. Og så vanskeleg.

Er det naudsynt i dag å definere ein musikksjanger etter nasjonar, når musikkmarknaden er så internasjonal? Er det i heile tatt mogleg? Kanskje har K-popen sin popularitet stege fordi vi, i ei komplisert og til tider dystopisk verd, ønsker å høyre ukompliserte songar. Sikkert er det i alle fall at K-popartistar stadig er å sjå i offisielle samanhengar, fordi ein veit at musikk har potensiale til å bygge ned stengsle mellom menneske og nasjonar. Og kanskje dansar vi om eit par år til popmusikk frå band med medlem frå både Nord- og Sør-Korea. BTS sine fans, som kallar seg for ARMY (Adorable Representative MC for Youth), venta i spenning på albumet til BTS ved å bruke emneknaggen #TheAnswerIsComing. No er svaret her. Make music, not war.

LES OGSÅ: K-pop-fans blir ofte framstilte som utskot

Kjelder:

https://en.wikipedia.org/wiki/List_of_most_viewed_online_videos_in_the_first_24_hours

https://www.billboard.com/articles/columns/pop/8472127/bts-love-yourself-answer-album-review

https://edition.cnn.com/2016/05/25/asia/north-korea-drones/index.html

https://www.scmp.com/culture/music/article/2161268/bts-album-love-yourself-answer-review-suga-j-hope-and-rap-monster

The Birth of Korean Cool: How One Nation is Conquering the World Through Pop Culture av Euny Hong (2014).

http://www.koreatimes.co.kr/www/art/2018/08/682_248789.html

https://www.allkpop.com/article/2017/05/4-of-psys-new-songs-including-i-luv-it-new-face-deemed-inappropriate-for-broadcast-by-kbs

 

Oppdatert: torsdag 30. august 2018 16.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE