Framtida
Publisert
Oppdatert 04.12.2018 20:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tenk deg at nynorsken hadde sin eigen festdag. Ein nasjonal heilagdag, der folk fekk fri frå jobben for å kjenne på gleda over eit skriftspråk som uttrykker det vi treng å seie.

På Koreahalvøya har dei ein slik dag. Der er 9.oktober (Sør-Korea) og 15.januar (Nord-Korea) raude dagar i den koreanske kalenderen.

«Språket vårt er så ulikt kinesisk at dei to ikkje kan kommunisere det same i skrift. Difor er det mange situasjonar der analfabetar ikkje kan uttrykke seg skriftleg når dei har noko å seie. Eg har medynk med desse, og har nyleg utarbeidd 28 bokstavar. Det er mitt ønske at folk enkelt kan lære og bruke desse i dagleglivet». Kong Sejong den store, Hunminjeongeum, 1446.

Språkarbeidet minnar om byrjinga til nynorsken

På ei sameint Koreahalvøy i 1443 arbeider kong Sejong (1397-1450) hardt. Arbeidet han heldt på med kjem til å påverke koreansk historie og identitet for all framtid, og det vil gje han tilnamnet «den store».

På nokre måtar minner arbeidet om byrjinga til nynorsken. Under kong Sejong er Korea eit dynasti, og i det hierarkiske samfunnet er det berre den utdanna eliten som kan lese og skrive.

I det hierarkiske samfunnet er det berre den utdanna eliten som kan lese og skrive.

Grunnen er at skriftspråket dei nyttar er kinesisk, og folk flest har ikkje tid eller moglegheit til å pugge alle teikna som trengst for å meistre det. Dessutan stemmer ikkje dei koreanske språklydane overeins med det kinesiske skriftspråket, noko som gjer det endå vanskelegare å lære.

Ville lage skriftmål som reflekterte talemålet til folket

Dette har kong Sejong merka seg, og han ønsker å endre det. Som Ivar Aasen ønsker han å lage eit sjølvstendig skriftspråk som reflekterer talemålet til folket.

Difor kjem han i 1446 med eit skriv som presenterer 28 bokstavar, og han kallar dette alfabetet for Hunminjeongeum, eller «dei rette lydane for opplæring av folket». Endeleg kan alle lære seg å skrive og lese.

Slik oppstod det koreanske alfabetet som eitt av dei yngste skriftspråka i verda. I år feirar det omlag 575 år, men det har måtte tole mykje motstand.

Døme på bokstavane i Hunminjeongeum. Foto: Synne Ulltang

Styrker demokratiet men svekker dynastiet

Å gje folk tilgang til å lese og skrive styrker demokratiet, men svekker dynastiet. Dette var den utdanna eliten klar over, og lenge boikotta dei alfabetet. Eit eige skriftspråk styrker òg identiteten til eit folk, difor vart det koreanske alfabetet forbode då Korea var ein japansk koloni mellom 1910-1945.

Å gje folk tilgang til å lese og skrive styrker demokratiet, men svekker dynastiet.

Trass i dette, overlevde det koreanske skriftspråket. Talet på bokstavar er redusert til 24 i dag, og namnet på alfabetet er endra til Hangeul (Sør-Korea) eller Joseongeul (Nord-Korea), som betyr «det flotte skriftspråket». Skriftspråket står sterkt i dag blant sine omlag 78 millionar brukarar.

«Ein intelligent person kan lære det i løpet av ein morgon, og til og med den einfaldige kan lære det i løpet av ti dagar». Jeong In-ji, lærd, etterord i Hunminjeongeum, 1446.

Dei fleste skriftspråk utviklar seg over tid, men det koreanske alfabetet skil seg ut fordi det er planlagt og konstruert. Det gjer det lett å lære.

Kan minne om rune-alfabetet

Alfabetet i hangul består av 28 bokstavar. Frå nettsida learning.hangeul.

Bokstavane kan minne litt om rune-alfabetet med sine rette strekar. Dei ti vokalane bygger på tre former, som symbolsk representerer himmelen (ㆍ), jorda (ㅡ) og mennesket (ㅣ). Forma til dei fjorten konsonantane etterliknar posisjonen som munnen har når den lagar lyden.

Ta for eksempel bokstaven ㄱ. Press den bakre delen av tunga opp mot bakre del av ganen, og lag ein lyd. Kva lyd får du? Noko som minner om den norske «k/g»-lyden. Minner om, fordi sjølv om du lærer deg kva lyd bokstavane representerer, så kan ei nøyaktig uttale vere utfordrande for ein som ikkje har koreansk som morsmål.

Språk er identitet

Språk er identitet, og talespråket heng tett saman med skriftspråket. Utan eit eige skriftspråk hadde kanskje koreansk likna meir på kinesisk eller japansk i dag. Og utan eit eige skriftspråk hadde det kanskje vore endå vanskelegare for eit delt Nord- og Sør-Korea å kommunisere.

Sjølv om dei ikkje einast om den same datoen for feiringa av alfabetet, eller namnet på det, er både Nord- og Sør-Korea einige i at eit skriftspråk som uttrykker det vi treng å seie, er verdt å markere.

Tenk over det, neste gong du kjenner glede over å kunne uttrykke deg presist skriftleg. Og bruker du ein morgon, eller ti dagar, så kan du imponere vennane dine med å lese koreansk. Kva det du les betyr, derimot, treng du kanskje meir enn ti dagar på å lære.

Les også: Korleis K-pop reddar verda