Dette var dei ekte Chicago 7

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

West Wing-skapar Aaron Sorkin sin nyaste film The Trial of the Chicago 7 har begeistra meldarar verda over, men den ekte historia er endå meir dramatisk enn filmen.

Kort fortalt handlar det om det juridiske etterspelet etter opprøra i Chicago under demokratane sitt landsmøte i august 1968, der det vart valdelege samanstøyt mellom politi og nasjonalgarden på den eine sida og motstandarar av Vietnam-krigen på den andre.

Det byrja med åtte tiltalte, men etter at Black Panther-aktivisten Bobby Seale omsider fekk gehør for at han ikkje var ein del av protestane stod The Chicago 7 att.

Pasifisten Dave Dellinger (53), yippiane Abbie Hoffmann (31) og Jerry Rubin (30), leiar for Students for a Democratic Society (SDS) Rennie Davis (27) og medgrunleggjar Tom Hayden (28), samt kjemikar John Froines (29) og doktorkandidat Lee Weiner (29) stod alle tiltalt for å konspirera og oppegga til opptøyer. Fem av desse vart dømd i ei rettssak som langt på veg kan skildrast som ein farse.

Her er sju punkt der filmen skil seg frå røynda:

Dommar Hoffmann noterte 175 tilfelle av forakt for retten

Dommar Julius Hoffmann er framstilt som ein føredømmande dommar som både opptrer rasistisk og motarbeidar forsvarsteamet.

I løpet av filmen deler han villig ut merknadar for «forakt for retten», men i verkelegheita  var faktisk talet på slike merknadar langt høgare enn det ser ut som på film.

Dei tiltalte og advokatane fekk merknadar for forakt for alt frå å le, kasta slengkyss til juryen og å retta på dommaren når han stadig uttala namna deira feil.

I løpet av rettssaka, som varte frå 24. september 1969 til 14. februar 1970, vart dei tiltalte og forsvaret dømd for 175 tilfelle av forakt for retten. Denne dommen vart seinare forkasta.

Frank Langella portretterer dommar Julius Hoffman (1895-1983) i «The Trial of the Chicago 7». Foto: Niko Tavernise/NETFLIX © 2020

Bobby Seale var knebla i tre dagar  

Tiltalte Bobby Seale fekk ikkje ha advokaten han ønskte eller representera seg sjølv under rettssaka, noko han protesterte på kvar gong namnet hans vart nemnd.

Den 29. oktober kalla Seale dommar Hoffman ein løgnar, fordi han meinte han prøvde å feilsitera han. Seale kravde framleis å fremja retten sin til å forsvara seg sjølv, og dommar Hoffman spurde om han ville halde fram å forstyrra retten.

– Eg forstyrrar ikkje retten. Eg skal fremma mitt ynskje og krav om at eg har rett til å forsvara meg sjølv, fordi eg veit eg har den retten, sa Seale ifølgje si eiga bok, Seize the time.

Yahya Abdul-Mateen II i rolla som Bobby Seale i The Trial of the Chicago 7. Foto: Niko Tavernise/NETFLIX © 2020 Illustrasjon av Howard Brodie © Estate of Howard Brodie

Dommaren ba vaktene om å handtera Seale på passande måte, noko som resulterte i at han vart knebla.

I filmen reagerer advokat Richard Schultz (Joseph Gordon-Levitt) raskt på at Seale er lenkja og knebla, men i verkelegheita sat han knebla i rettssalen i tre dagar.

Behandlinga av Seale vekte sterke reaksjonar både i og utanfor retten og forsvarar William Kunstler samanlikna det med «eit middelaldersk torturkammer».

Seale heldt fram å prøva å hevda sin rett ved å mumla gjennom knebelen. På dag tre kom den mest dramatiske hendinga då Seale prøvde å formidla at han mista blodsirkulasjonen og vart angripen av vakter då han prøvde å fjerna den.

Etter dette vart Seale separert frå rettssaka til The Chicago 7, men vart dømd til 48 månader i fengsel for forakt for retten. Dommen vart seinare forkasta.

Jerry Rubin vart ikkje lokka i ei honningfelle

I Netflix-filmen vitnar FBI-agent Daphne Fitzgerald (Caitlin Fitzgerald), som skal ha fått innpass ved å sjekka opp Jerry Rubin.

Ho er ein fiktiv karakter, men agent Robert Pierson kom nesten like nær Youth International Party (YIP), og medlemmane som vart kalla yippies, ved å gje seg ut for å vera ein biker som vart livvakta til Rubin.

I Netflix-filmen The Trial of the Chicago 7 speler Caitlin Fitzgerald (t.v) FBI-agenten Daphne Fitzgerald, som infiltrerer demonstrantane gjennom Jerry Rubin (Jeremy Strong), iført grønn skjorte. Ho er ein fiktiv karakter. Foto: Nico Tavernise/NETFLIX © 2020.

Kjendisvitne i rettssaka

I filmen får me med oss at poeten Allen Ginsberg var med på opptøyane knytt til demokratane sitt landsmøte i Chicago.

I verkelegheita var han òg inne som vitne, der påtalemyndigheitene mellom anna ba han lesa opp dikt som hinta til sex mellom to menn.

I tillegg vitna forfattar Norman Mailer, komikar Dick Gregory og musikarane Judy Collins, Arlo Guthrie og Phil Ochs, som skreiv fleire songar om hendingane.

Ikkje minst speler tidlegare riksadvokat Ramsey Clark ei stor rolle som stjernevitnet som ikkje slepper til framfor juryen i filmen. Ifølgje Mashable skjedde dette på ein ganske annan måte i røynda. Forsvaret prøvde å introdusera Clark som vitne, men fekk ikkje lov frå dommaren.

Clark var nok ikkje eit like villig stjernevitne som filmen skal ha det til og skal ikkje ha stått klar til å seie at det ikkje var noko sak.

Tidlegare riksadvokat Ramsey Clark vert portrettert av Michael Keaton, men skal ikkje ha vore eit like villig stjernevitne som filmen skal ha det til. Foto: United States Department of Justice og Nico Tavernise/NETFLIX © 2020.

Soldatnamna vart lest opp tidlegare i rettssaka

I sluttscena på The Trial of the Chicago 7 les Tom Hayden (Eddie Redmayne) opp namna på alle soldatane som hadde døydd i Vietnam sidan rettssaka starta.

Dette skjedde, men på eit tidlegare tidspunkt i rettssaka. 15. oktober markerte millionar av aktivistar verda for å avslutta Vietnam-krigen. Og inne i rettssalen markerte aktivistane med å henga opp sør-koreanske flagg (som dommar Hoffmann ikkje ville ha noko av) og lesa opp namna.

Mark Rylance speler forsvarar William Kunstler og Eddie Redmayne er Tom Hayden, som les opp namna på dei falne soldatane i «The Trial of the Chicago 7». Foto: Niko Tavernise/NETFLIX © 2020

Dave Dellinger slo ikkje

Pasifisten og speidarleiaren David Dellinger har ein dramatisk scene der han slår ned ei vakt. Dette er i frustrasjon over dommar Julius Hoffmann si avgjerd om å ikkje tillata juryen å høyra tidlegare riksadvokat Ramsey Clark sitt vitnemål, om korleis den førre regjeringa hadde etterforska saka og kome fram til at det ikkje var grunn til å reisa tiltale.

Dette skjedde ikkje i den verkelege rettssaka.

Dellinger hadde òg ganske mange fleire born enn den eine sonen ein ser i filmen. Saman med kona hadde 53-åringen heile tre søner og to døtrer.

Familiefar og pasifisten Dave Dellinger er portrettert av John Carroll Lynch, Jerry Rubin av Jeremy Strong og Abbie Hoffman av Sacha Baron Cohen. Dei to sistnemnde var leiarar i Youth International Party (YIP), der medlemmane vart kalla yippies.Foto: Niko Tavernise/NETFLIX © 2020

Åtte politimenn vart tiltalt for valdsbruk

Opptøyene knytt til demokratane sitt landsmøte i Chicago vara i fire dagar, der tusenvis av demonstrantar vart møtte av opprørspoliti.

668 personar vart arresterte, 425 demonstrantar vart innlagde, 200 vart behandla på staden og 400 vart behandla for eksponering av tåregass, noko 110 måtte til sjukehus for.

I tillegg vart 192 politimenn skadd i opptøyene, ifølgje The Guardian.

The Chicago 7 var tiltalt for å ha konspirert og oppegga til opprør under demokratane sitt landsmøte i Chicago 1968. I den første saka vart fem av sju dømd, men dommane vart seinare forkasta i ein anke. Foto: Niko Tavernise/NETFLIX © 2020

Før Bobby Seale vart fjerna frå rettssaka mot The Chicago 7, vart dei kalla Chicago Eight eller Conspiracy Eight.

I tillegg til desse åtte, vart åtte politimenn tiltalt for å krenka menneskerettane til demonstrantane ved å bruka massiv vald.

Kjelder: History, Time, Chicago Tribune, Vanity Fair, ScreenRant, Mashable

Frå venstre: Donald Trump i rolla som seg sjølv i Netflix-dokumentarserien «Trump: Den amerikanske drømmen», Julia Lois-Dreyfus i rolla som Selina Meyer i «Veep» og Alexandria Ocasio-Cortez i Netflix-dokumentaren «Kampen om Kongressen». Foto Netflix, HBO, Netflix