Fem grunnar til å elske Sex Education

Rahman Chaudhry
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Mangfald og representasjon

Få seriar tar for seg seksuelt mangfald på ein så omfattande måte som Sex Education gjer. Karakterane i serien representerer eit breitt spekter av seksuelle identitetar og uttrykk, og serien set av mykje tid til ulike seksuelle uttrykk som ofte kan falle utanfor søkeljoset.

Den franske utvekslingsstudenten Rahim (Sami Outalbali) lærer gjerne vekk tips og triks knytt analsex i Sex Education. Foto: Netflix

2. Musikksporet

Ver ærleg, det kribla i dansefoten då sesong to av Sex Education starta med eit brak og ein brassband-versjon av Sexual Healing av Marvin Gaye. Musikken spelar ein stor rolle i Sex Education, og ein kan høyre at skaparane av serien har lagt mykje tid i å finne musikkspora som er rette for kvart einskild augeblikk.

Og er du ikkje overbevist, legg vi ei lenke til den komplette spelelista med musikk frå serien her, so kan du høyre og tenke deg om ein gong til.

3. Serien tek opp alvorlege tema på ein tilgjengeleg måte

Sex Education er ikkje berre komedie. Serien tek opp fleire vanskelege tema, som homofobi, rus i nære relasjonar og seksuell trakassering. Det er tema det kan vere vanskeleg å diskutere, og ein kan håpe at serien har gjort det enklare å prate om spørsmål som tidlegare har vore stigmatisert.

Maeve Wiley (Emma Mackey) har sitt å stri med på heimebane med ei mor som har problem med rus. Foto: Netflix

4. Serien tek vennskap på alvor

Noko av det finaste med Sex Education er kanskje vennskapane vi får eit innblikk i gjennom dei 16 episodane. Nokre av dei blei vi introdusert til med ein gong, og andre blir til over tid. Vennskap er ikkje alltid enkelt, og det tek serien på alvor. Frå Otis og Maeve til Jackson og Viv, viser Sex Education at eit vennskap kan vere so mangt – og at ingen vennskap er like.

Kven er din favorittkarakter?

Kven er din favorittkarakter?

Otis9
Maeve10
Eric8
Jean1
Lily2
Jackson3
Svar totalt: 33

5. Den episoden med Romeo og Julie-musikalen

Om du er like glad i Sex Education som vi er, veit du allereie kva vi pratar om. Skuleteateret på Moordale High er ulikt noko anna du har sett på ei scene. Stikkorda er tentaklar, sci-fi, Shakespeare og dildoar. Om dét ikkje gjev deg lyst til å sjå Sex Education, veit vi ikkje våre arme råd.

Eit utbrot av klamydia spreier seg på Moordale High, og saman med dei andre elevane må Ola Nyman (Patricia Allison) og Lily Igleheart (Tanya Reynolds) høyre på ei førelesing om trygg sex. Foto: Netflix

Kos deg med litt Sex Education i dag!

Og hugs: