Nedgang i skulefråværet: – Håpar dette er eit teikn på ei haldningsendring

For første gong sidan pandemien blir det meldt om at fråværet blant vidaregåandeelevar har gått ned. Elevorganisasjonen meiner kunnskapsministeren feiltolkar tala.

NPK-NTB/Mia Huse
Publisert

65 prosent av elevane i vidaregåande skule hadde under fem fråværsdagar førre skuleår, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det er 18 prosentpoeng meir enn året før og er like høgt som då fråværsgrensa blei innført i 2016/17.

– Er du frisk nok til å gå på skulen, ja då skal du møte opp på skulen, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Håpar på haldningsendring

Samtidig går timefråværet opp noko, frå 20 til 22 timar. Talet på elevar som endar utan vurderingsgrunnlag i eit fag på grunn av fråværsgrensa, har også stige med rundt 300 elevar.

Tala viser i tillegg ein nedgang i talet på elevar med høgt dagsfråvær. Elevar med minst ti dagars fråvær har sokke frå 29 til 16 prosent. Elevar med meir enn 20 dagars fråvær utgjer ein andel på 6 prosent, som er 5 prosentpoeng lågare enn førre skuleår.

– Eg håpar dette er eit teikn på ei haldningsendring. Aksepten for fråvær har vore for høg. Så finst det naturlegvis mange ulike årsaker til skulefråvær som ikkje berre kan løysast med endra haldningar, men eit godt skule-heim-samarbeid vil alltid vere viktig, seier Nordtun.

Tala viser også at 6200 hoppa av vidaregåande i fjor. Det utgjer 3,2 prosent av elevane, noko som er 0,1 prosentpoeng meir enn året før.

– Feiltolkar tala

Zaid Norzai Ahmmad i Elevorganisasjonen trur ikkje fråværstala blir tolka rett av kunnskapsministeren. Foto: Elevorganisasjonen

– Det er sjølvsagt gledeleg at dagsfråværet blant norske elevar går ned. Samstundes er det urovekkande at den nye fråværsgrensa har ført til at elleve prosent fleire stryk, skriv leiar i Elevorganisasjonen (EO) Zaid Norzai Ahmmad til Framtida på e-post.

Dei meiner kunnskapsministeren feiltolkar tala.

– Sjølv om dagsfråværet går ned, går timefråværet opp. Og det er ikkje rart at dagsfråværet går ned, når å bli heime når ein er sjuk, kan føre til at ein mister vitnemålet sitt.

Det er ikkje nødvendigvis slik at elevane trivst eller presterer betre berre fordi fråværet er lågare, meiner Ahmmad.

– PISA-resultata viser jo det.

EO har vore kritiske til fråværsgrensa sidan ho blei innført i 2016.

– Sjølv om elevar som allereie presterer bra på skulen, no kjem på skulen sjølv om dei har influensa, er det fleire av dei svakaste elevane som no stryk.

– Me meiner at det er desse elevane fråværsreglementet bør ivareta, avsluttar Ahmmad.