Mina (22) gir elevar råd om rettane deira: – Du skal bli høyrt
Spørsmål om fråværsgrensa og merknadar utgjer nesten ein firedel av spørsmåla «Rettighetshjelpen» får inn.
– Barn og unge har rett til å bli høyrde i alle saker som angår dei, det står både i grunnlova og i opplæringslova. Det er ikkje nødvendigvis synonymt med retten til å bestemme, men blir det teke avgjerder om din skulekvardag, så skal du bli høyrt.

Det seier Mina Olsen på telefon til Framtida. Ho er organisasjonssekretær i Elevorganisasjonen, og leiar «Rettighetshjelpen».
«Rettighetshjelpen» er ei teneste frå Elevorganisasjonen der elevar kan stille spørsmål om rettar dei har eller om ei problemstilling dei har på skulen.
– Vi får veldig mange konkrete og personlege saker, som til dømes at nokon blitt mistenkt for juks på eksamen. Det er typisk at sånne saker løyser seg ganske greitt.
Ønskjer fleire jusstudentar
Olsen er sjølv jusstudent og bidreg med rådgjeving gjennom Rettshjelpen. Ho peikar på at det er mange lover og reglar i Noreg som er meint å vere gode for elevane, men at det kan vere vanskeleg å navigere blant desse, og vanskeleg for skulane å ta omsyn til alle.
Olsen understrekar at ingen av dei som gir råd, er ferdig utdanna juristar. Dei kan difor ikkje gi rettsleg hjelp.
– Så vi seier jo aldri at ein skule bryt lova, men vi gir eit bilete av kva rettar dei har i ryggen i situasjonen, og kor det er riktig å gå vidare med saka, seier Olsen.

Zaid Norzai Ahmmad er leiar i Elevorganisasjonen.
No ønskjer Elevorganisasjonen å utvide tenesta, og få med seg fleire jusstudentar. Målet er at dei kan bidra med ei større forståing for korleis lovverket faktisk fungerer.
– Og det gjer jo at elevane får eit betre utgangspunkt til å ta kampane i eigne hender, seier Zaid Norzai Ahmmad, leiar i Elevorganisasjonen.
📕 Tre rettar du bør vite om som elev
Her får du tre rettar Olsen frå Elevorganisasjonen meiner du bør vite om:
- Retten til medverking, opplæringslova § 10–2 og Grunnlova § 104: Du har rett til å medverke, ytre deg fritt og bli høyrt i alle saker som gjeld deg i din skulekvardag.
- Retten til eit trygt og godt skulemiljø, opplæringslova § 12-2: Du har rett til eit trygt og godt fysisk og psykososialt skulemiljø, inkludert klassemiljø, som fremmar helse, inkludering, trivsel og læring.
- Gratisprinsippet i grunnskulen og vidaregåande skule, opplæringslova §§ 2–5 og 5-8: Det skal vere gratis for deg å gå på skulen, men det finst nokre unntak der elevar i vidaregåande skular må dekke noko utstyr sjølv.
Skulen skal informere om rettar
I tillegg til «Rettighetshjelpen», kan du òg finne informasjon på nettsidene til Udanningsdirektoratet (Udir) om kva rettar og klagemoglegheiter du har.

Cathrine Børnes er direktør for avdeling for opplæringslova.
– Dersom elevar ikkje opplever at skulen lyttar eller følgjer opp, finst det klageordningar og moglegheiter for rettleiing, avhengig av kva saka gjeld.
Det skriv Cathrine Børnes i Udir i ein e-post til Framtida.no via ein kommunikasjonsrådgjevar. Ho er avdelingsdirektør for avdeling for opplæringslova.
Avdelingsdirektøren opplyser om at det er skulen si oppgåve å informere om rettar, plikter og klagemoglegheiter som elevar og føresette har i slike tilfelle.
– Vårt beste råd til elevar som opplever at rettane deira blir brotne, er å ta opp problemet med skulen så tidleg som mogleg.
Vil gi elevane meir makt
Når det kjem til kva typar problem elevar har spørsmål om, er det særleg éin kategori som utmerker seg hos «Rettighetshjelpen».
Av spørsmåla som kjem inn i løpet av eit år, utgjer spørsmål om fråvær og merknadar 24 prosent, fortel Olsen i Elevorganisasjonen.
– Kvifor er så mange usikre på det?
– Det trur eg faktisk er fordi ikkje alle politikarar ein gong veit korleis fråværsgrensa fungerer. Og då er det ikkje noko rart at ein enkeltelev eller skulane ikkje veit det. Vi har no ei fråværsgrense og ei merknads-ordning som er ulik, ikkje berre frå skule til skule, men frå klasserom til klasserom. Det er som å trekke i lotto om du har ein lærar som er streng eller ikkje, svarar EO-leiar Ahmmad.
Gjennom rettleiingstenesta ønskjer dei difor å gi elevane litt meir makt.
– Og på sikt, at vi kan nytte «Rettighetshjelpen» til å overtyde skular om å justere regelverka sine, avsluttar han.






