SU-leiaren om SV-exiten: – Skuffa over at Ap og SP ikkje var villige til å kome oss i møte
Samstundes forventar AUF-leiaren at Støre sørgjer for ei klimaregjering.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er skuffa over at Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje var villige til å kome oss i møte på å få til ei betre fordeling mellom folk og ein klimapolitikk som tar klimakrisa på alvor.
Det seier leiar av Sosialistisk Ungdom Synnøve Kronen Snyen på telefon til Framtida.no, dagen etter at det vart kjent at moderpartiet trekker seg frå regjeringssonderingane.
Overfor VG opplyser fleire SV-kjelder at det var det var umogeleg å oppnå semje om ein felles oljepolitikk i sonderingsamtalane, noko som skal ha vore medverkande til at SV trekte seg ut.
– For oss blei det openbert at vi kan få til meir i opposisjon i Stortinget enn i regjering basert på desse sonderingane, konstaterer Snyen.
Mange stemte på raudgrøn side
SU-leiaren er skuffa over at det ikkje var mogleg å få til ei regjering, då dei gjekk til val på ei raudgrøn regjering, i tillegg til at dette valet vart eit historisk val for venstresida.
– Eg trur veldig mange stemte på parti på raudgrøn side fordi ein vil gjere noko med dei aukande forskjellane mellom folk, få meir felles velferd og handle i møte med klimakrisa og kutte det som trengst for å nå klimamåla, seier Snyen.
No blir det regjeringsforhandlingar med berre Ap og Sp.
AUF: Forventar dette blir ei klimaregjering
I likskap med SV, er strengare klimapolitikk ei viktig sak for AUF. Ungdomspartiet krev nemleg at det skal settast ein stopper for nye leitelisensar – i motsetnad til moderpartiet Ap.
– FN har erklært kode raud. Alle land er nøydde til å slutte å leite etter olje. Det inkluderer Noreg. Her er vi ærleg ueinige med Arbeidarpartiet. Det er vår oppgåve å dra partiet i ei grønare retning, og vi jobbar for det internt i partiet, seier AUF-leiar Astrid Hoem til NRK.
Hoem synest det er leit at SV ikkje blei med vidare, og meiner partet kunne bidrege positivt.
– Det gjer AUF si rolle enda viktigare. No forventar vi at Jonas tar klimaansvar og at dette blir ei klimaregjering, understrekar ho overfor NRK.
I tillegg til klimakrav, stiller AUF krav til Ap som gjeld likestilling og inkludering, moglegheitene til unge, høgreekstremisme og internasjonalt samarbeid.
Mellom anna krev dei at talet på kvoteflyktingar blir auka til 5000 i året, at abortnemnedene blir fjerna til veke 18, at det blir innført ei samtykkelov, at homoterapi blir forbode, fråversgrensa fjerna og at det blir gjennomført ei rusreform.
Spanande framtid
Synnøve Kronen Snyen frå SU trur det blir spanande å følgje med på norsk politikk framover.
– For Stortinget kjem til å ha mykje å seie når ein har ei mindretalsregjering. Og når vi forhandlar om statsbudsjett og i andre politiske saker, så kjem ein til å få ein ordentleg debatt om politikk.
Ho utdjupar at dei skal jobbe for å få gjennomslag for sakene som var utslagsgjevande i regjeringssonderingane gjennom statsbudsjettet, og at dei kjem til å legge inn andre politiske krav som ein føresetnad for å støtte eit statsbudsjett.
– Så vi kjem til å knytte andre saker, som oljepolitikk, skulepolitikk og feministpolitikk opp til statsbudsjettet.
– Er du uroa for at regjeringa vil samarbeide meir mot høgre når SV ikkje er med?
– Eg forventar at Arbeidarpartiet kjem til oss, for vi ønskjer å samarbeide og vi ønskjer å vere konstruktive frå Stortinget. Så det forventar eg at Jonas Gahr Støre gjer.
- Les også om den nyetablerte prisen som skal kåre kven som drep ungdomsengasjementet: – Vil stille dei vaksne til ansvar