SV bryt sonderingane: – Ikkje politisk grunnlag for raudgrøn regjering

Audun Lysbakken møtte pressa onsdag, og meddelte at SV trekker seg ut av sonderingane.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er no ved eit punkt eg hadde håpa vi ikkje skulle kome til: Det er med stor skuffelse vi må erkjenne at det etter SV sitt syn ikkje er politisk grunnlag for å danne ei raudgrøn regjering.

Det var beskjeden frå partileiar Audun Lysbakken, då han møtte pressa utanfor Hurdalsjøen Hotell.

I fem dagar har Jonas Gahr Støre (Ap) sondert eit mogeleg regjeringssamarbeid med Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Lysbakken.

Saman hadde dei tre partia utgjort Støre si uttalte draumeregjering. Den draumen ser no ut til å briste.

Rettferdig fordeling og klima

Lysbakken presiserte at det for SV har vore avjerande med ein heilskapeleg politikk for rettferdig fordeling, og for klima og natur.

– Vi er på eit punkt der vi ikkje trur det er mogeleg å få på plass ei regjeringsplattform som vil sikre det taktskiftet som er nødvendig for å sikre ein offensiv nok klimapolitikk og naturvernpolitikk, og verkeleg få gjort noko med dei aukande forskjellane, sa Lysbakken.

Partileiaren svarar ikkje konkret på kva saker som førte til brot.

Partileiaren seier partiet er førebudd til å gå i forhandlingar om eit raudgrønt regjeringssamarbeid dersom dei øvrige partia stiller med blanke ark. Lysbakken seier han trur SV kan få til meir som eit sterkt parti i opposisjon, heller enn som det minste partiet i ei trepartiregjering.

Støre: – Håpa på eit anna utfall

– Eg hadde håpa på eit anna utfall. Oppsummeringa mi var at Senterpartiet og Arbeidarpartiet var klare til å gå til forhandlingar. SV trekte konklusjonen om at dei ikkje var klare for det, det får eg ha respekt for, fortel Ap-leiar Jonas Gahr Støre til pressa på Hurdal.

Han seier at dei har hatt gode samtalar, og at han har ein god tone med Lysbakken, både politisk og personleg.

– Vi vil ha eit godt samarbeid framover, seier han, og utdjupar at dei vil ha nær kontakt og søkje samarbeid med SV i Stortinget.

Støre er glad for at Lysbakken er open for å forhandle på nytt om moglegheita skulle by seg, og seier at han deler det håpet.


Skulestreik for klima fredag 24. mai 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit