Meir lønsamt for butikken å kaste varer enn å donere

Med dagens skatte- og avgiftstreglar er det ofte meir lønsamt for butikkar å kaste varer dei ikkje får selt, enn å gi dei bort. Framtiden i våre hender ber politikarane om å ta tak.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På nettsidene sine skriv miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender at dei har fått inn fleire tips frå tilsette i klesbutikkar om at dei har blitt bedne om å destruere overflødige varer.

Ifølgje organisasjonen har dei fått inn meldingar om at reklamasjonsvarer blir øydelagde før dei blir kasta, medan andre får beskjed om å øydeleggje varer for å unngå dumpster-diving.

Fleire av tipsarane understrekar at desse varene har vore heilt plettfrie returvarer og at sesongvarer blir kasta etter sesong.

700 tonn overflødige klede

Ein Norsus-rapport frå 2020 har rekna ut at norske butikkjeder sit igjen med minst 700 tonn overflødige klede kvart år – og sannsynlegvis mykje meir – som ikkje blir selde.

Dagens skatte- og avgiftsreglement gjer det ofte meir lønsamt for butikkane å kaste varer heller enn å gi dei bort. Butikkane kan i dag skrive av øydelagde varer på skatten, men må betale skatt og meirverdiavgift for å gi bort plagg til dømes til ein bruktbutikk.

Framtiden i våre hender skriv at dei jobbar for ein tiltakspakke mot sløsing, som har som formål å endre regelverket slik at det ikkje skal løne seg for butikkane å kaste uselde og returnerte varer.


Har du lyst til å lese meir om klesindustrien? Sjekk ut desse:

Les også: Marie (19) vil vise at slow fashion kan vere dritkult

DISCO-kolleksjonen til Murby består av ulike bukser og overdelar i fargerike, glitrande stoff. Foto: Sara Tonning. Foto: Sara Tonning, kollasj Framtida.no