EU vil stramme inn på Temu-salet

EU vil stramme inn reglane og gjere det dyrare å kjøpe varer frå kinesiske nettsalgigantar som Temu og Shein.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Dei to selskapa sender tonnevis av billige klede og andre produkt inn til EU. Men no vil EU-kommisjonen skjerpe kontrollen.

Mellom anna blir granskingar varsla om korleis plattformer som Shein og Temu oppfyller ulike EU-reglar.

– Mange produkt har vist seg å vere usikre, falske eller til og med farlege, påpeika EU-kommissærane Henna Virkkunen då dei nye tiltaka vart lagt fram i Brussel onsdag.

I tillegg vil kommisjonen innføre nye avgifter på slik netthandel.

Dei siste åra har netthandelen eksplodert.

I fjor fløymde over 4,6 milliardar små pakkar med varer for mindre enn 22 euro inn over kontinentet, dobbelt så mykje som året før.

90 prosent av pakkane kjem frå kinesiske selskap som Temu og Shein, og verdien ligg ofte under tollgrensa på 150 euro.

Talet aukar med over éin milliard i året, ifølgje EUs handelssekretær Maros Sefcovic.

– Dette fører til behov for snarleg handling for å handtere dette, seier han og peikar på at det er viktig å sikre like konkurransevilkår for europeisk netthandel.

Falske produkt er også eit stort problem.

– Vi må gjere meir for å sikre forbrukarane våre, seier justiskommissær Michael McGrath.