– Det er viktig for oss å få gjennomslag

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart vert det forhandlingar – dette forventar ungdomspartia

Den raudgrøne sida vann valet, og Jonas Gahr Støre (Ap) vert etter alt å døme den neste statsministeren i Noreg. Støre er no i gang med sonderingar, og etter kvart startar forhandlingane for å danne ei ny regjering.

Veljarane gav måndag fleirtal til Støre si draumeregjering med Sp og SV.

Distrikt og psykisk helse

Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen, seier at den nye regjeringa må stoppe sentraliseringa, skape nye, grøne arbeidsplassar i heile landet og gi ungdom betre psykisk helsetilbod.

– Det er mange ungdommar som slit. Det merka vi godt gjennom skulevalkampen. Det er det viktig at regjeringa klarar å gjere noko med, seier han på telefon til Framtida.no.

Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen, trekker fram grøne arbeidsplassar og psykisk helsetilbod for unge som viktige saker for ungdomspartiet. Foto: Senterungdommen

Han meiner at Sp har eit sterkt kort på handa når ein no skal inn i forhandlingar. Partiet gjekk mest fram av alle på Stortinget, og enda på 13,5 prosent oppslutning.

– Det viser tydeleg at mange er opptekne av å ha eit levande land, norsk eigarskap og liv i bygdene, seier senterungdomleiaren.

Svelle fortel at han kjente på ei enorm glede då han såg dei første prognosane på valkvelden. Han seier at Senterungdommen skal vere utruleg stolt over jobben ein har lagt ned i ein lang og hard valkamp.

Vil skyte ulv

Gjennom valkampen har Sp peikt på SV som ein meiningsmotstandar, og fleire i Sp har argumentert for ei regjering utan SV. No skal dei to partia moglegvis forhandle om regjeringssamarbeid med Ap.

Svelle reknar med at ein vil verte einige.

– Klart, vi er ulike parti og har ting vi er ueinige om. For oss er det viktig å ikkje verne skog, skyte fleire ulvar og ha fleire sauar på beite. Det er viktig for oss å få gjennomslag. No skal partia snakke saman, og så får vi sjå kva regjering det endar med. Det viktigaste for oss er at Sp sit i den regjeringa.

– Er det nokre saker du meiner SV ikkje bør få gjennomslag for?

– Det er det vanskeleg å spekulere i.

Håpar Sp innser at dei må samarbeide med SV

– SU vil ha ei raudgrøn regjering, ikkje ei sentrumsregjering med berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet, slår Synnøve Kronen Snyen fast.

Leiaren i Sosialistisk Ungdom seier at kor vidt SV går i regjering eller ikkje, er avhengig av om partiet får nok gjennomslag for politikk som sikrar at Noreg når klimamåla og gjer noko med dei aukande forskjellane i makt og rikdom.

– Vi må også få gjennomslag for ein meir solidarisk flyktningpolitikk og ein likestillingspolitikk som styrker kvinners rettar, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Om regjeringsforhandlingane når fram, skal medlemmane i SV stemme over avtala i ei uravstemming. Resultatet er bindande, og SV-leiinga er plikta til å følgje medlemsfleirtalet sitt ja eller nei.

Synnøve Kronen Snyen er leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU

For ungdomspartiet er klimapolitikk, feministisk politikk og skulepolitikk det viktigaste i regjeringsforhandlingane, fortel Snyen.

– Vi må kutte utslepp raskt og stoppe leitinga etter ny olje og gass. Vi må få ei samtykkelov i Noreg som slår fast at sex utan samtykke er valdtekt. Vi treng ein skulepolitikk som gjev alle mogelegheita til å lykkast. Derfor må vi fjerne fråværsgrensa og sikre læreplass til alle.

Håpar Sp innser at dei må samarbeide med SV

På valdagen, etter alle stemmene vart talde opp, hamna Sosialistisk Venstreparti på 7,6 prosent oppslutning. Det er ein oppgang frå førre stortingsval, men 1,2 prosent lågare enn ved valet i 2005, då partiet først gjekk i regjering.

SU-leiaren fortel at moderpartiet hadde to mål i årets valkamp:

– Raudgrønt fleirtal og eit sterkare SV. Det har vi fått til. Eg vart utruleg glad når vi såg heilt frå starten av valnatta at det kom til å verte regjeringsskifte.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har til no nekta å svare på kor vidt partiet vil gå i regjering med SV, medan SV-leiar Audun Lysbakken har uttalt at han meiner det ikkje finst ei ny regjering utan Sosialistisk Venstreparti.

SV-leiar Audun Lysbakken (t.v.) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum under partileiardebatt i Stortingets vandrehall. Foto: Naina Helén Jåma / NTB

– Eg trur Senterpartiet snart kjem til å innsjå at dei må samarbeide med SV, og at dei står nærare oss enn Arbeidarpartiet i ei rekkje saker, fortel Sosialistisk Ungdom-leiar Snyen.

Ho peikar som døme på at SV har løyvd meir pengar til kommunane i sitt alternative statsbudsjett enn det Sp har gjort, og meiner Senterpartiet og SV bør stå saman om å sikre gode velferdstenester i heile landet.

Samstundes understreker Snyen at Senterpartiet ikkje bør få gjennomslag for oljepolitikken sin, og peikar på at verda allereie har funne meir fossil energi enn vi kan brenne om vi skal nå 1,5 gradsmålet.

– Om Noreg skal gå frå å vere ein internasjonal klimaversting til å verte ein del av løysinga så er vi nøydde til å høyre på FN når dei seier at Noreg ikkje kan leite etter meir olje og gass.

– Er du bekymra for presset frå Raudt/MDG på utsida dersom SV ikkje får gode nok gjennomslag i regjering?

– Nei, jo fleire som jobbar for miljø og rettferd jo betre. Eg ser fram til å samarbeide med MDG og Raudt dei neste fire åra, avsluttar Snyen.

Håpar på gjennomslag

Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Raud Ungdom, trur ei eventuell regjering med Ap, SV og Sp vil føre mykje god politikk.

– Eg spår at reaksjonen min vil vere at det er mykje bra, men at dei kunne gått endå lenger. Eg trur eg må ønske SV lukke til med å få gjennomslag for ein klimapolitikk som er så radikal som vi treng, seier ho på telefon til Framtida.no.

Alberte Tennøe Bekkhus er leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

Raudt ønsker ikkje å gå inn i regjeringa, men Bekkhus meiner at moderpartiet har godt høve til å påverke frå sidelina. Ho trur Raudt kan verte ei reell politisk kraft, ikkje berre ei vaktbikkje.

– Vi har åtte tøffe sosialistar som er villige til å kjempe, ikkje berre for ein ny politikk, men ei ny retning. Den nye regjeringa vil gjere klokt i å lytte til oss. Sakene vi står for har brei støtte, seier ho.

Bekkhus meiner det er viktig å verkeleg få ned utsleppa med ein rettferdig og radikal klimapolitikk som monnar, og å få ned skilnadene i Noreg og internasjonalt. Raud ungdom-leiaren håpar at moderpartiet kan få gjennomslag via ein samarbeidsavtale med den nye regjeringa.

– Eit annleis parti

Bekkhus fortel at ho reagerte med vantru, sjokk og glede då dei første prognosane vart kunngjorde på valkvelden – med Raudt over sperregrensa.

– Eg hadde ikkje så mange klare tankar i hovudet. Det var heilt fantastisk! seier ho.

Det er første gong Raudt hamnar over sperregrensa, og hamna på 4,7 prosent oppslutning. Partiet går frå éin til åtte mandat på det nye Stortinget. Bekkhus meiner at Raudt har klart å sette fingeren på noko mange har kjent på, og kjem med gode løysingar.

– Folk har sett at Raudt er eit annleis parti. Vi går ikkje berre rundt i dress og har møte på Stortinget. Vi er i like stor grad del av folkerørslene som står utanfor Stortinget og ropar, seier ho.

Tradisjonen på valvake for Raudt har vore at ein er førebudd på å bli skuffa. I år vart det annleis, seier Bekkhus.

– Det er fleire som ikkje heilt har teke innover oss at vi har klart det. Vi er berre glade og nøgde. Eg berre håpar at vi får eit reelt politisk retningsskifte: ikkje Høgre light. Det er eit kjent faktum at skilnadene har auka dei siste tiåra. Eg håpar at det nye fleirtalet har bein i nasen og fører den politikken dei har sagt at dei vil, seier ho.


Foto: Arbeidarpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0

Valresultatet

Arbeidarpartiet: 26,3 %
Høgre: 20,4 %
Senterpartiet: 13,5 %
Framstegspartiet: 11,6 %
Sosialistisk Venstreparti: 7,6 %
Raudt: 4,7 %
Venstre: 4,6 %
Miljøpartiet Dei Grøne: 3,9 %
Kristeleg Folkeparti: 3,8 %