No startar arbeidet med ny regjering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med 99,7 prosent av stemmene opptalde, er det klart at Ap, Sp og SV får fleirtal på Stortinget med 89 mandat.

– No skal eg snakke med mitt eige parti – partileiinga og sentralstyret – i morgon. Så er det naturleg for dei samtalane eg har annonsert i kveld, at vi byrjar med Senterpartiet, som er største parti. Så SV, og så skal vi snakke med Raudt og MDG, sa Støre til NTB natt til tysdag.

Partileiaren trur alle partia har behov for å samanfatte kvar for seg først.

– Vi har eit stort ansvar no: Vi har fått eit stort fleirtal. Det må takast nokre val. Men eg tenkjer at alle må kjenne på det ansvaret. Vi skal få ein god prosess mot ei ny regjering, så kjem sakene i neste runde, sa Støre.

Støre: Samtalane er ikkje i gang

Han sa samtidig at samtalane ikkje er i gang allereie.

– Nei, det er dei ikkje. Vi er veldig samde om at vi skal kvile ut no. Og eg trur alle partileiarar skal til partia sine med resultatet, samanfatte det og leggje vegen vidare.

Ap-leiaren vart møtt av eit stort pressekorps då han natt til tysdag kom heim til bustaden vest i Oslo. Han avslørte at han har «noko på kjøl», men rekna med at det sannsynlegvis vart å sove med det same og inga feiring med alkoholhaldig drikke.

Med 99,7 prosent av alle stemmer talde opp, har Ap fått 26,4 prosent. Det er ein nedgang på 1 prosentpoeng frå valet for fire år sidan, men betydeleg betre enn det partiet har hatt på ein del meiningsmålingar.

Ifølgje VG vil sonderingane bli innleidde tysdag, med konkrete forhandlingar frå onsdag neste veke. Både SV og Ap har sentralstyremøte klokka 14 tysdag, melder NRK.

SV-leiar Audun Lysbakken, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Ap-leiar Jonas Gahr Støre under partileiardebatten i Stortingets vandrehall på valnatta. Foto: Naina Helén Jåma / NTB / NPK

Sp framleis skeptiske til SV-samarbeid

Sp har gjennom heile valkampen vore tydelege på at dei ønskjer ei regjering med berre Ap og Sp – utan SV.

Dette blir gjenteke av Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad tysdag morgon, og ho grunngir dette med at den politiske avstanden er minst mellom dei to største partia på raudgrøn side.

– Dermed er det òg størst moglegheit til faktisk å få gjort dei endringane som også Senterpartiet ønskjer, mellom anna innan distriktspolitikken, sentralisering, økonomiske forskjellar og lågare avgifter som vi er opptekne av, så får vi sjå kva samtalane framover bringar, seier Arnstad til NRK.

For SV-nestleiar Kirsti Bergstø er dette lite forståeleg.

– Eg skjønner ikkje kvar avstanden er så stor at ein må lage den større i den offentlege samtalen. Skal ein få snudd sentraliseringspolitikken og erstatte han med nærleik, så er det klart at SV må vere med på det, seier Bergstø.

Saka vart oppdatert med sitat frå Arnstad og Bergstø, klokka 09.35.


Sofie Frøysaa med sin beste diktator-pose. Foto: Bente Kjøllesdal