Dansk avis med oppmoding til Støre: Gå fremst i den grøne omstillinga

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.09.2021 20:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein leiarartikkel onsdag skriv den danske avisa at Noreg i dette stortingsvalet hadde sjansen til å ta eit stort ansvar på dei breie skuldrene sine og vise oljeland verda over at det er mogleg å skifte kurs i tide.

– Men slik gjekk det ikkje. Sjansen for å gjennomføre sterkt nødvendige og markante endringar i norsk klimapolitikk verkar å vere forbi. Sigerherren Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet blir ikkje avhengig av verken Raudt eller Miljøpartiet, skriv avisa.

Dei meiner dette betyr at dei mest vidtgåande krava om klimahandling er bremsa, og at Noreg no risikerer å setje sitt «elles velfortente gode renommé i verda» på spel.

Om ikkje Noreg, kven?

Avisa meiner argumentet med at Noreg berre står for 2 prosent av olja i verda, verkar hyklersk når Noreg ropar om klimakamp i internasjonale forum. Dei har ei klar oppmoding til Støre:

– Kjære Jonas Gahr Støre: Noreg har ikkje berre alle dei rette føresetnadene, men også ei forplikting til å gå fremst i den grøne omstillinga. Det er ei vanskeleg oppgåve, det veit vi. Men om ikkje Noreg kan, kven kan då?

Dagbladet Information beskriv seg som ei partipolitisk uavhengig avis, men blir plassert av dei fleste på sentrum-venstresida i det politiske landskapet. Opphavleg var ho ei presseteneste for den danske motstandsrørsla under den tyske okkupasjonen av Danmark.


Teodor Bruu er talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom/Flickr