AUF-leiaren: – Eit tydeleg signal frå folket i Noreg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om desse tala held heilt inn er det eit tydeleg signal frå folket i Noreg om at dei vil ha ei Arbeidarparti-regjering og kaste høgrepartia, seier Astrid Willa Eide Hoem på telefon til Framtida.no.

AUF-leiaren er på valvaka til moderpartiet i Folkets hus i Oslo, og fortel at stemninga i salen er «veldig, veldig god». Førebels ligg det an til at Arbeidarpartiet får si draumeregjering, og at Jonas Gahr Støre vert statsminister.

Då Hoem stod opp i dag tidleg var ho likevel nervøs:

– Valdagen er litt som julaftan når ein er fem år. Ein ventar og ventar og ventar til klokka er 21, seier AUF-leiaren.

– Har ikkje tort å seie det høgt

Då klokka bikka 21 og prognosen frå Valdirektoratet kom, var det grunn til jubel i Arbeidarparti- og AUF-leiren. Prognosen synte 26,5 prosent oppslutning til Arbeidarpartiet, og fleirtal til partiet si føretrukne regjering med SV og Senterpartiet.

– Eg har håpt i mitt stille sinn på over 25 prosent, men eg har ikkje tort å seie det høgt, seier ein glad Hoem. 

Framleis vert stemmer talde opp, men det går mot regjeringsskifte. Fleire månadar med valkamp ser ut til å ende lukkeleg for AUF-leiaren, som fortel at ho er stolt over innsatsen partikollegaane har lagt ned:

– AUF-arar over heile landet har stått opp først og lagt seg sist, delteke i skuledebattar, kokt kaffi og delt ut brosjyrar. Eg er så stolt over heile laget vårt, og over kor mykje dei har jobba i heile valkampen. 

– Kva lovnadar har du til folk som i dag har gjeve dykk si stemme?

– Vi skal kutte klimaasutsleppa, halde folk i jobb, gje vår generasjon dei same mogelegheitene som den førre hadde og få ned forskjellane, avsluttar Hoem.