Dette er statsministeren barna hadde stemt fram

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

–  Å vinne valet hos både barna og ungdommen er kanskje den største tillitserklæringa av dei alle. Det er dei som skal leve lengst med den politikken vi no vel, seier Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.

For tredje gong på rad er det Arbeidarpartiet som kjem best ut i Barnas Valg, kor elevar frå 5.–10. klasse har stemt. Partiet fekk 25 prosent av dei nesten 70.000 stemmene.

– Det er for dei vi skal bygge fellesskap, få ned forskjellane mellom folk og forme ein klimapolitikk som kuttar utslepp og sørgjer for at det finst trygge jobbar i framtida, seier Støre og held fram:

– Om Arbeidarpartiet også får dei vaksne sin tillit, lovar eg å gjere mitt.

Slik ser barnas Storting ut

På andreplass i Barnas Valg enda Høgre med 13,5 prosent, medan Raudt tok tredjeplassen med 10,6 prosent.

Senterpartiet er det einaste partiet som aukar oppslutnaden for tredje gong, frå 6,3 prosent i 2017 til 8,9 ved lokalvalet i 2019 og til årets 9,4 prosent. KrF gjer sitt beste barneval til no, med 4,9 prosent av stemmene.

Sjå korleis mandatfordelinga hadde vore ved Barnas Valg, og samanlikninga ved dei to føregåande vala: 

Trykk på biletet, så vert det større!

Arbeidarpartiet fekk også flest stemmer i skulevalet, men var då òg partiet som gjekk mest tilbake samanlikna med skulevalet i 2017. I skulevalet var det samla sett høgrepartia, og særleg FrP, som auka mest.

Arrangert for tredje gong

Barnas Valg vart arrangert for tredje gong i år, og det er Redd Barna og Nordic Screens som står bak. Gjennom ti ulike valshow har barn og unge fått høve til å verte betre kjende med partileiarane, dei har lese barnevenlege partiprogram frå alle partia på Stortinget og kunna teke ein eigen valomat.

Birgitte Lange er generalsekretær i Redd Barna. Foto: Redd Barna

1.843 skular har delteke i valet, og stemmene vart gjevne frå 6. til 9. september.

I ei pressemelding seier Birgitte Lange, generalsekretær i Redd Barna, at det er utruleg inspirerande å sjå kor mange skular, lærarar og klasser som har teke i bruk Barnas Valg.

– Demokratiet vårt treng borgarar, uansett alder, som har kunnskap om politikk og korleis dei kan påverke samfunnet dei lever i, og som trur på at deira stemme har ei betydning. Vi trur Barnas Valg på sikt vil bidra til at fleire unge stemmer ved val i Noreg.