FpU-formannen jublar over framgang for FrP: – Miljøsida har gått for langt

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig nøgd med at FrP er mest fram, nest største parti og størst på borgarleg side, jublar FpU-formann Andreas Brännström etter at Framstegspartiet gjekk fram med 3,7 prosentpoeng i skulevalet.

– Eg trur framgangen skuldast to ting. Ungdommen støttar framleis oljeaktivitet. Me skal utvikla, ikkje avvikla norsk oljeindustri. Den bidrar til arbeidsplassar. Eg trur venstresida og miljøsida har gått for langt, og blitt for radikale. Ei anna sak som er viktig er at unge ønskjer meir valfridom i skulen, seier FpU-formannen til Framtida.no.

Han er stolt over alle fpu-arane som deltatt i skuledebattar og stands i skulevalet.

– Dei har stått på og lagt ned ein kjempeinnsats, seier han.

Utelukkar ikkje Sylvi-effekt

Framstegspartiet er største parti i Møre og Romsdal. Der får partiet 28,8 prosent av stemmene i skulevalet.

– Det kan vera ein Sylvi-effekt. Men me ser òg at me har ein politikk som appellerer til mange unge veljarar over heile Vestlandet, seier FpU-formann Andreas Brännström.

Skuleval. Kjelde: NSD

 

LES OGSÅ: Nordmenn er blant verdas mest klimaskeptiske folk. Spesielt éin årsak trekker ekspertane fram