Framstegspartiet, Venstre og SV går mest fram i årets skuleval. Arbeidarpartiet er framleis det største partiet, men har òg gått mest tilbake samanlikna med skulevalet i 2017.
Svein Olav B. Langåker

Framstegspartiet går mest fram med 3,7 prosent auke samanlikna med skulevalet i 2017. Venstre og SV går fram med høvesvis 3,2 og 2,7 prosentpoeng samanlikna med 2017.

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet, men har gått tilbake med 4,4 prosentpoeng.

Raudt, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne har òg hatt tilbakegang, men i mindre grad. Senterpartiet har ein framgang på 1 prosentpoeng, medan KrF no er nede i 2,0 prosent oppslutning i skulevalet etter ein nedgang frå 3,2 prosent i 2017.

Skuleval. Kjelde: NSD
Oppdatert: tysdag 7. september 2021 20.13
ANNONSE