Nope og dope på valdagen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For to år sidan stod eg i kø for å stemme for første gong. Framfor meg i køen stod ein mann med stresskoffert og dress, bak meg stod ei småbarnsmor. Eg stod der i midten, og heldt på med ein Lizzo-quiz på telefonen som skulle fortelje meg kor mange prosent «that bitch» eg var.

Eg har altså stemt ein gong før i mitt liv, noko eg synest kvalifiserer meg til å gi alle andre i Noreg råd. Her er valdagens dopes og nopes!

NOPE

Spør dei andre i køen kva dei skal stemme på.

Bestikk dei rundt deg til å stemme på det du vil.

 

Stem på eit parti fordi dei har det kulaste namnet.

DOPE

Ta med deg legitimasjon uansett kor misfornøgd du er med biletet. 

Les partiprogramma på førehand.

Tenk godt igjennom valet ditt!

Vi var mange som stod i køen for to år sidan, og i år skal vi stille oss i køen igjen – berre med ein meter avstand og eit ansvar for heile landet og ikkje berre kommunen vår. Det er viktig at alle nyttar stemma si, og det å stemme blankt er lov.

Om du ikkje er i di folkeregistrerte kommune, førehandsstem før 10. september!

Forresten var eg 93 % that bitch. Berre sånn at det er nemnt.

God stemming!

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar.


Les også om veka då alt gjekk til helvete, og Linn fekk fullt hus i uhell-bingo: Inkassovarsel, p-stav på potensiell vandring og drapstrugslar.