SV vil ha rekordutbygging av studentbustader – og pussa opp gamle

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har blitt veldig fine studentbustader på Stord, og ei radikal forbetring, seier Audun Lysbakken. SV-leiaren var sist veke på besøk på campusen på Stord, og fekk sjå både gamle studentbustader og dei nyoppussa.

– Dette er eit sjumilssteg for godt studentmiljø på Stord, held han fram.

LES OGSÅ: Framleis fleire tusen studentar i bustadkø: – Uforsvarleg

Vil auka dekningsgraden

Framtida.no har skrive artiklar om bustadsituasjonen for studentar dei siste vekene. Talet på studentar er rekordhøgt, og dekningsgraden for studentbustader har ikkje auka.

Det Oslo-baserte aktivistkollektivet Reduser husleia er blant dei som er uroa over at studentar vert tvinga over i den private marknaden.

– Lik tilgang til utdanning inneber at ein har ein bra, trygg og billig stad å bu. Det er noko me alle treng og skal ha rett på, fortalde bustadaktivist Merita Fjetland til Framtida.no førre veke. 

Norsk Studentorganisasjon (NSO) har eit mål om at éin av fem studentar skal få bu i ein av studentsamskipnadene sine studentbustader, men det er enno langt igjen til målet.

– Kva vil SV gjera for å auka dekningsgraden?

– Då må me bygga endå fleire studentbustader. I dag er det altfor få av dei. Det er derfor me vil bygga 6000 nye studentbustader. Men oppussing er også ein del av det me vil. Det vil gjera det meir attraktivt å flytta i studentbustader. I dag er det ein ganske rå privat leigemarknad, seier Audun Lysbakken til Framtida.no.

LES OGSÅ: Studentar vert tvinga over i privat leigemarknad: – Fleire slit med heilt grunnleggande kostnader

Lærarstudent Khiem Nguyen saman med Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV), Lydia Miljeteig og Audun Lysbakken. Foto: SV

Sosialistisk Venstreparti er ikkje det einaste partiet som tek til orde for å bygga nye studentbustader. Fleire har forplikta seg til å nå NSO-målet om 20 prosent dekningsgrad. 

Sjå under kva partia meiner om studentbustader!

Vil ha eigen bustadminister

SV-leiaren ønskjer ein eigen bustadminister i ei ny raud-grøn regjering.

– I lang tid har me ikkje hatt nokon bustadpolitikk i Noreg. Det er særleg viktig for unge menneske, seier han.

Partiet går mellom anna inn for å innføra allmenne bustader slik det er vanleg i Danmark. Her blir husleiga subsidiert av det offentlege og administrert av kommunane.

– Det vil gi ein heilt annan tryggleik for folk, og dempa prispresset, seier Audun Lysbakken.

Det danske systemet har blitt møtt med kritikk om at det fører til lange ventelister, og NTNU-forskar Are Oust har òg kritisert forslaget og sagt at det vil vera både dyrt og gi liten effekt.

Dette skriv partia om studentbustader i partiprogramma sine:

Arbeidarpartiet: Trappa opp studentbustadbygginga med mål om 3000 bygde bustader i året, med vekt på pressområde der behovet er størst.

Framstegspartiet: Noreg har framleis stor underdekning på studentbustader. Vi vil legga til rette for at fleire private aktørar kan bygge studentbustader på same vilkår som studentsamskipnadane. Dersom dagens monopolordning vert avskaffa, er det mogeleg å bygga fleire bustader til ein lågare pris og raskare.

Høgre: Bygga og oppgradera fleire studentbustader for å sikra ein tilstrekkeleg dekningsgrad.

Kristeleg Folkeparti: Vidareføre ein høg utbyggingstakt for studentbustader. Alle nye studentbustader skal vere «grøne», med eit lågast mogleg klimaavtrykk.

Miljøpartiet Dei Grøne: Bygga minst 3000 studentbustader i året inntil ein nasjonal dekningsgrad på 20 prosent er nådd, og satsa på rehabilitering av eksisterande studentbustader. Ved tildeling av midlar til studentbustadbygging og -rehabilitering, skal klima- og miljøkrav vektleggast.

Raudt: Sikre statstilskot til minst 5000 nye studentbustader årleg, med auka kostnadsramme og tilskotsdel. At kommunane fører ein aktiv tomtepolitikk og legg til rette for studentbustadbygginga til studentsamskipnadene. Setje krav til kvaliteten på studentbustader.

Senterpartiet: Bygga fleire nye studentbustader til målet om 20 prosent dekningsgrad er nådd.

Sosialistisk Venstreparti: Auka kostnadsramma og løyva støtte til bygging av 6000 studentbustader i året, med mål om å auka den nasjonale dekningsgraden til 30 prosent. At studentbustader blir sikra oppgradering i den nye tilskotsordninga. Bygg som har
nådd teknisk levealder, må sidestillast med nye studentbustader slik at oppgraderinga
òg kan få støtte.

Venstre: For å få fart i bygging av studentbustader vil vi heva kostnadstaket for statleg tilskot og husbankfinansiering ytterlegare. Det auka kostnadstaket må følgjast av auka tilskotsandel per eining. Dessutan vil vi fjerna flaskehalsar hos kommunane og regulera studentbustader som eige formål. Vi har sett oss som mål at det skal byggjast 3000 nye studentbustader kvart år, og å sikre at ein del av desse er universelt utforma.


LES KOMMENTAR: To år marinert i eksos og hasjrøyk – no er det nok

Alle illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen